«Fotball er og skal være samhold, fest, opplevelser og et åpent miljø hvor alle er velkomne. Derfor er det en skam at fotballens største fest er et korrupt sportsvaskingsprosjekt hvor idretten vi elsker brukes til å male en fasade som dekker over enorm undertrykkelse».
Slik byrjar brevet frå supportergruppene rundt eliteserieklubben Odd.
Klubben støtta fyrst Tromsø sitt forslag om å boikotte VM i Qatar, men etter rapporten frå Qatarutvalget ikkje oppfordra til boikott, snudde klubben for få dagar sidan og seier nå nei til ein boikott av eit VM i gulfstaten.
- Les også:
Nå er altså supporterane irritert på eigen klubb og gjer det dei kan for at klubben nok ein gong skal snu og gå for ein boikott av VM i Qatar.
– Me meiner at Odd bør gå inn for ein boikott av Qatar VM. Nå har NFF prøvd å køyre dialoglinja i over fem år. Det har ikkje fungert. I alle fall ikkje på grasrotnivå der arbeidarane er, seier Alexander Almvik.
Alexander Almvik, styreleiar i Oddrane supporterklubb.
Foto: Håkon Lie / Håkon LieHan er styreleiar i Oddrane supporterklubb.
Almvik trekkjer fram at Odd er ein klubb som tek samfunnsansvar på ei rekkje område, som miljø og integrering.
– Er det ein klubb som bør stå for boikott i Noreg, så bør det vere Odd.
Kjem ikkje til å sjå på
– Det skal skje eit mirakel om eg slår på fjernsynet for å sjå VM i Qatar, seier Almvik.
Supporterleiaren har lita tru på at det kjem store endringar, og seier at einaste løysinga er å flytte VM.
– Flytt det til eit land der ein kan bevise at det ikkje går føre seg grove menneskeretighetsbrot. At arbeidarar har gode arbeidsvilkår, at ein er velkommen som lesbisk og homofil og at det er eit land med pressefridom, meiner styreleiaren.
– Om ein flyttar det til eit slikt land er det ein heilt annan sak.
Opnar opp for å snu att
Styreleiar i Odds ballklubb, Trond Drottning Haukvik, seier at det ikkje er sett to strekar under klubbens siste konklusjon.
Han seier Odd har stor forståing for dei som meiner boikott er det rette verkemiddelet, men at dei har tvilt seg fram til ein annan konklusjon.
– Me har ynskt ein brei diskusjon i klubben og vil legge opp til dette på årsmøtet vårt tysdag.
Trond Drottning Haukvik, styreleiar i Odds ballklubb.
Foto: Odd.noStyreleiaren seier vidare at det årsmøtet går inn for, vil bli det Odd stemmer for på forbundstinget den 20. juni.
Han opnar med det opp for at klubben nok ein gong kan snu.