Oteren Nusse har fått seg ein ny heim ved Atlanterhavsparken i Ålesund. Etter å ha budd både hos fosterfamiliar i Finnmark og på Lofotmuseet, tek ho no sikte på å bli Ålesundar.
– Er du trøytt? Kom no då, lokkar Trond Østrem, akvarist ved Atlanterhavsparken i Ålesund.
Nusse kjem i full fart nedover den gule sklia ho har fått i kjellarleilegheita si på Atlanterhavsparken. Etter å ha flytta fleire gongar, prøver ho no lykka på Sunnmøre.
- Les også:
Utstøytt i nord
For Nusse har reist langt for å kome til Vestlandet. Først levde ho det gode liv hos to fosterfamiliar i Alta etter at mora hennar blei påkøyrd.
I to månader budde den foreldrelause oteren i Alta, men i oktober i fjor skulle Nusse få ein ny heim ved Lofotakvariet i Nordland. Der budde det allereie to otrar som etter planen skulle halde Nusse med selskap.
Men slik blei det dessverre ikkje for oteren Nusse. Ho blei derimot sendt vidare til akvariet i Ålesund fordi otrane i Lofoten ikkje ville ha ho.
– Nusse er litt spesiell. Ho er utruleg tam, og er meir som ein katt eller ein hund. Nusse er veldig vand til menneske, så dei andre otrane ville ikkje ta imot ho når dei skulle prøve å tilpasse henne, seier Østrem.
- Les også:
- Les også:
Alle gode ting er tre
No håper Nusse at alle gode ting er tre og at Ålesund kan bli ei meir permanent ordning. Og ho har allereie byrja å finne seg godt til rette ved Atlanterhavsparken.
– Etter stengetid får ho vere inne i heile lokalet og springe rundt og kose seg. Det synest ho er kjempekjekt, seier Østrem.
Spesielt når ho får springe rundt og sjå på fiskane.
– Ho bruker å stå på brygga og spring fram og tilbake. Vi har fleire gongar tenkt at no er det like før ho hoppar ut i vatnet til fiskane, men det har så langt ikkje skjedd, seier Østrem medan Nusse spring ivrig mot han.
Håper ho blir mindre tam
Ved uteområdet til Atlanterhavsparken svømmer selane. Pingvinane har også sitt eige område. Planen er at også Nusse etter kvart skal ut til dei andre. Til neste år skal det byggast eit eige oter-område ved akvariet.
– Her er det både vatn, berg og gøymeplassar, så det blir fantastisk for ho å vere her. Eg trur at ho blir mindre avhengig av å vere saman med oss når ho får ein annan oter å vere saman med. seier Østrem og klappar Nusse på hovudet.
– Forhåpentlegvis blir ho mindre tam etter kvart, held han fram.
- Les også: