Hopp til innhold

Brautete oter plagar 86 år gammal dame, familien fortvilar

Har naboane blitt litt vel høglydte under ein grillfest? Eller spelar éin av hybelkameratane heller høg musikk litt for ofte? Peanuts: På Smøla blir 86 år gamle Margit plaga kvar natt av ein stor, brautete og bråkete oter.

Torbjørn Johansen

Torbjørn Johansen og familien, saman med viltforvaltaren i Smøla kommune, har fått avslag frå Fylkesmannen om avliving av oteren. No prøver familien febrilsk å sperre oteren ute for godt, med både stein, takplater og netting. Som ein ser fungerer heller ikkje aluminium ...

Foto: Torbjørn Johansen/Øyvind Grøvdal

– Det verkar som om han er svært så innbiten på å bli verande under huset her, seier Johannes Schrøder til NRK.no.

Han er viltforvaltar på Smøla på Nordmøre, og har fanga det han omtalar som ein «godt vaksen hann-oter».

Det freda dyret er derimot berre fanga på viltkamera.

Schrøder installerte viltkameraet under huset til 86 år gamle Margit Johansen, som bur i eit gammalt hus på Veiholmen på Smøla..

Heilt sidan våren 2012 har pensjonisten vore oterokkupert.

Oter på Smøla

Ein stor, og heller sterk, oter har funne seg godt til rette under huset til 86 år gamle Margit Johansen på Veiholmen på Smøla.

Foto: Johannes Schrøder

Mistar nattesøvnen

Kameraet blei installert for å ha faktiske prov på at ein oter budde under huset til Johansen. Dette for å gå til Fylkesmannen i Møre og Romsdal og spørje etter avliving – noko som seinare har blitt avslått.

Og oteren blei fanga på kamera, nattetid, på veg inn og ut av «hiet» sitt.

Hadde den berre vore stillfaren, men kvar natt er det både krafsing og graving, under kjøkkenet og soverommet til Margit Johansen.

– Eg har budd i huset her i nesten 60 år, og eg har aldri opplevd maken, seier 86-åringen til Tidens Krav, som først meldte om saka.

Det kontinuerlege bråket frå «gjesten» gjer at ho mistar både nattesøvn og humør.

Saka held fram under bildet.

Faksimile, Tidens Krav

Det var Tidens Krav, avisa i Kristiansund, som først meldte om den plagsame oteren på Smøla. Til høgre ser ein 86 år gamle Margit Johansen, medan familien er til venstre i bildet.

Foto: Faksimile / Tidens Krav

– Prøvde å flytte tunge steinheller

Torsdag i førre veke fekk pensjonisten sjå oteren med eigne auge for første gong.

– Eg hadde lagt meg og høyrte noko krafsing utanfor vindauget. Oteren prøvde å flytte på tunge steinheller ved husveggen. Eg banka hardt på vindauget for å skremme den vekk, og det reagerte den på. Oteren tassa mot hushjørnet, der den snudde seg for å sjå kven som forstyrra, fortel Johansen.

Likevel forsvann den ikkje for godt, for ikkje lenge etter hadde den kome seg under huset igjen.

Endå ein gong hadde oteren trengt gjennom sperringane.

Den sat på trappa, skikkeleg stor. Og den skal inn igjen under huset koste kva det koste vil, verkar det som. Éin stad la vi to 18 kilos sementheller oppå kvarandre. Dei løfta oteren opp og flytta slik at han kom seg inn og ut igjen.

Torbjørn Johansen, son til Margit, om oterobservasjon måndag

«Otersikring» som fritidsaktivitet

For ein må vite at familien til Margit har gjeve oteren kamp.

– Det er i alle fall vanskeleg å bli kvitt dette dyret. Før helga var eg utover og prøvde å spikre igjen hola. Då trudde eg at eg skulle bli kvitt dyret, men endå ein gong fann den seg ein ny plass og grov eit hol, seier Torbjørn Johansen, son til Margit.

– No kjem eg akkurat derfrå igjen, og eg har montert store tak- og aluminiumsplater, nedgrave i jorda, framfor inngangane. Og eg har grave ned tjukk netting på både ytter- og innersida fleire stadar, fortalte Johansen måndag ettermiddag.

Saka held fram under bildet.

Oter på Smøla

Karina Lervik, barnebarnet til Margit, viser oss éin av inngangane til den lumske oteren på Smøla. Her har inngangen blitt barrikadert med tunge steinheller etter alle kunstens reglar.

Foto: Øyvind Grøvdal

Trengte gjennom aluminiumsplate

Eitt døgn etter første prat med Johansen får vi prata med han igjen. Han er oppe ved huset til mora, og endå ein gong har oteren kjempa seg gjennom barrikadane.

Fotspor etter oteren

Tysdag ettermiddag var der tydeleg spor etter oteren på trappa til Margit på Smøla.

Foto: Torbjørn Johansen

– Eg spikra fast aluminiumsplater til huset i går, men no har dyret bretta og rive vekk plata. Han har rive eit stort hakk, slik at han kunne klatre inn igjen under huset.

– Eg ser fotspora på trappa her no. No ligg han nok under huset. Det er heilt utruleg, utbryt Johansen.

Tysdag ettermiddag ville Smøla-mannen gjere nok eit forsøk.

– Blei sitjande og grine på kvelden

Litt lenger tilbake i tid, før jula 2012, søkte familien Fylkesmannen om løyve til å avlive den pelskledde okkupanten. I slutten av førre veke kom svaret:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal meiner ikkje det er gode nok grunnar til å avlive eit strengt freda dyr.

– Oteren er rekna som ein sårbar art og då må vi vurdere alternativ til avliving, opnar Ulf Lucasen, seksjonssjef på Naturforvaltning hos Fylkesmannen.

Både familie og viltforvaltar veit at dyret er freda, men frustrasjonen er uansett svært stor.

– Eg vil seie at ein freda hann-oter blir prioritert framfor ein 86 år gammal pensjonist her. Kva skal ein seie ... Då mor mi fekk høyre at vi fekk avslag blei ho sitjande og grine på kvelden, fortel son Torbjørn.

Viltforvalter Ulf Lucasen

Ulf Lucasen er usikker på nytta av ei avliving.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Usikker på verknaden av avliving

86 år gamle Margit Johansen og familien har vore usikre på om det har vore meir enn éin oter under huset.

– Mor mi meinte ho hadde høyrt ungar som peip, og då ein ho-oter, fortel sonen Torbjørn.

Nettopp det faktum at eit holrom som det under huset på Smøla er ettertrakta, er eit argument for å ikkje avlive.

– Ho som bur der er sjølvsagt viktig i saka. Men det har vore nemnt oterkull, og sjølv om ein fjernar éin oter så kan fleire kome til, seier Lucasen.

– Så det er ikkje alltid avliving er måten som gir det beste resultatet på lang sikt. Ved fjerning kan det fort kome ein ny, og då har vi ikkje kome så mykje lenger.

Heile området rundt Smøla har bra næringsområde for oter. Der er mykje gruntområde som dei stortrivst i, der er tarebelte, holmar og skjær som han går opp og ned i. Men det er ikkje sagt at der er overskot av hulrom som gir beskyttelse mot vêr, vind og fare. Og det verkar som noko gjer at dette huset blir valt. Når vi skal tenkje varig, og at dyret ikkje skal vere under og lage lyd, så er det å få sperra av som er beste alternativ.

Ulf Lucasen om Smøla som oterplass og om mogleg mangel på buplass

Truga dyreart, mykje på Smøla

Oter har vore freda i Noreg sidan 1982. Likevel er der mykje på Smøla, noko som gjer frustrasjonen opp mot avlivingsavslaget ekstra stor.

– Dei får tillating til å felle andre dyr som er meir truga, men oteren som det kryr av her får ein ikkje felt éin av. Eg prata med nokre kameratar for litt sidan, og dei fekk fire oter i torskerusene sine på éi dragning, fortel Johansen.

Lucasen hos Fylkesmannen er klar over at talet på oter på Smøla er høgt.

– Smøla er den staden i Møre og Romsdal der det var suverent mest oter når den elles vær nesten utrydda. Så det er ikkje sikkert at det nokon gong har vore lite oter på Smøla.

– Så vil ein oppleve oter så er Smøla ein fornuftig stad å bruke litt ekstra tid. Bestanden generelt har auka både i Europa og elles i Noreg sidan 70- og 80-talet, men talet er framleis lågt i forhold til kva det ein gong var, seier Lucasen.

Saka held fram under bildet.

Otere på krabbefangst

Her ser ein to otrar i fjøra. Eit litt vanlegare syn enn ein oter under huset.

Foto: Arvid Henriksen

Viltforvaltar: – Redd menneske

Sjølv om talet på oter er veksande, så bør ikkje talet på oter under hus vekse i same tempo. Fjøra og våtare stadar er eit meir normalt habitat.

Men oteren under Margit sitt hus skal ikkje vere farleg.

– Eg trur ikkje det er noko fare. Oteren er eit vilt dyr og den er redd menneske, seier viltforvaltar Schrøder.

– Men det er sjølvsagt ikkje noko kjekt å ha ein uvelkomen leigebuar under huset. Ein leigebuar som steller i stand bråk. Det er både trasig og ugunstig, meiner han.

– Oteren plagar ho stadig vekk. Ho er plaga med nattsøvnen, og av og til er krafsinga og gravinga så høg og nær at ho trur oteren nærmast skal grave seg gjennom golvet, fortel Torbjørn Johansen.

Torbjørn Johansen

Torbjørn Johansen viser oss kvar oteren har brote seg inn. Han meiner nødvendige utbetringar er for vanskeleg på Veiholmen.

Foto: Torbjørn Johansen

Utbygging vanskeleg på Veiholmen

Då Fylkesmannen avslo avlivingssøknaden, var tetting og støyping av grunnmur det klare og beste forslaget.

– Eg har sjølv prata med Fylkesmannen og fortalt kva vi har gjort og prøvd. Men det ser ikkje ut som om dei har forståing, seier Johansen.

– Vi fekk beskjed om å støype grunnmur rundt huset, og her på Veiholmen er det byggjestopp. Ein slik plan tek nok minst eitt år å få gjennom fordi ein ikkje kan gjere ting på husa. «Det må jo vere lov med ein grunnmur», sa dei til oss.

No håper han berre dei heimesnikra tiltaka vil fungere.

Til høgste hald?

– Vi jobbar hardt for å tette alle hol. Om det aldri fungerer så må vi eventuelt klage inn vedtaket om nei til avliving, avsluttar Johansen.

– Vedtaket vi har fatta kan påklagast. Sjølv om vi har myndigheita, så avgjer vi ikkje dette endeleg. Blir vedtaket påklaga kan direktoratet for naturforvaltning avgjere saka, avsluttar Lucasen hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Kva tenkjer du om oteren på Smøla som plagar og irriterer 86 år gamle Margit? Og meiner du ein bør avlive eit freda dyr i ei slik sak? Sei meininga di i kommentarfeltet under.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL