Hopp til innhold

Blei bortviste på grunn av fyll og bråk

I alt fire personar blei bortviste frå Molde sentrum i løpet av natta. Den første hadde fått nok å drikke vel ein halvtime etter midnatt.

Politi

Politiet måtte rydde opp i slåsting, fyll og uro fleire gongar i løpet av natta.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

For fyll var årsaka til at alle dei fire blei bortviste. Etter at den første fekk reisepass følgde tre til fram til klokka bikka 02 i natt.

Krangling var stikkordet då ein person blei sendt ut av Kristiansund sentrum i 01-tida. Vedkomande var ved ein utestad der både vertsskap og andre gjestar ønskte fred.

Politiet i Ålesund valde å sette to menn i arresten då dei forstyrra ro og orden i sentrum. Dei to, begge i 20-åra, blir melde for slåsting.

Det var meir valdsbruk i Ålesund i natt, og ein mann i 20-åra skal ha vore utsett for vald ved ein utestad. Han blei lettare skadd, men kjem til å melde saka.

I same by blir dessutan ein annan mann i 20-åra meldt for urinering for offentleg stad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL