Hopp til innhold

Kritisk til middagen på sjukehus: – Dårleg er vel berre fornamnet

Bjørn Thore Schrøen seier at han ikkje ville servert middagane han fekk til grisar. Helseføretaket seier at dette er den første klagen dei har fått, men at dei tar kritikken til seg.

Bjørn Tore Schrøen står utenfor sykehuset i Kristiansund. Han ser rett inn i kamera.

Bjørn Thore trur middagane hadde vorte betre om sjukehuset hadde eit eige kjøkken.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dårleg er vel berre fornamnet. Det som blir sendt til oss pasientar frå felleskjøkkenet på Hjelset er elendig.

Bjørn Thore Schrøen snakkar om middagane han fekk servert då han var innlagd på Kristiansund sjukehus.

Sjølv har han undervist i mat og helse i mange år, og han har lært elevane at både smak og utsjånad på maten er viktig.

– Men når du får servert noko dei kallar ein makaronigrateng som ligg som ei brunsvidd skorpe på ein tallerken ... Eg hadde ikkje villa brukt det som grisemat eingong, seier han.

Misfornøgd

Han beskriv middagar med harde poteter, overkokte grønsaker utan tyggemotstand og uappetittleg utsjånad.

– Dei som har lese noko om ernæring, og om korleis ein skal få pasientar og eldre til å ete, veit at maten må vere freistande, ernæringsrikt og rett samansett.

Han var innlagd på sjukehuset i Kristiansund i nesten ei veke, og meiner at middagane var dårleg nesten kvar dag.

– Det er absolutt ikkje kritikk til dei som jobbar der, for dei gjer ein formidabel jobb.

På bildet ser du en lys lapskaus og jordbærkompott.

– Skal ikkje klage over dagens middag. Lys lapskaus og jordbærkompott, men det skal jo mykje til for å kunne øydelegge eit slikt måltid, skriv Bjørn Thore Schrøen i ein e-post.

Foto: Privat

Ulike metodar

Før han vart overflytta til Kristiansund låg han på St. Olavs hospital i Trondheim. Han beskriv middagane der på ein annan måte:

– Det stod ein person og la opp maten på tallerkenen for oss, på den andre avdelinga fekk vi forsyne oss sjølv. Det var varmt og laga av ferske råvarer. Det var eigentleg som å ete i ei kantine, seier han.

Middagane som blir serverte på både sjukehuset i Kristiansund og Molde blir laga på eit felleskjøkken på Hjelset i Molde kommune. Metoden som blir brukt blir kalla Kok/Kjøl, medan dei på St. Olavs bruker Kok/Server.

Kristiansund sjukehus
Foto: Marius André Jenssen Stenberg

Vil sjå om ting kan bli betre

Jørn Aase, avdelingssjef for kjøkken og internservice i Helse Møre og Romsdal, fortel at dette er den første klaga dei har fått sidan systemet vart innført sommaren 2020.

Men han blir lei seg av å høyre pasienten si beskriving av middagane.

– Vi gjer vårt beste for å levere trygg mat, og mat som gjer at dei med spesielle behov får det, seier han.

Sjølv om dei no berre har fått ei klage, tek dei kritikken til seg.

– Vi ønskjer at alle pasientane skal få ei god oppleving. Vi kjem ikkje til å leggje om konseptet vårt, men vi kjem til å halde fram med å sjå på korleis ting vil bli litt betre. Det gjer vi kvar dag.

Jørn Aase, avdelingssjef for kjøkken og internservice i Helse Møre og Romsdal står på kontoret sitt i Molde. Han er alvorlig i ansiktet.

Jørn Aase fortel at maten som blir laga på felleskjøkkenet er heimelaget kvardagskost.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Aase trur ikkje at det er produksjonsmetoden som er problemet. Han forklarer at dei har hatt blindtestar der ein ikkje har smakt forskjell på rettane som blei lage på dei ulike metodane.

– Men kommunikasjonen er kanskje litt langt unna. Vi bør kanskje få ein kanal som gjer at pasientane kan få ei litt klarare stemme, seier han.

– Treng å få servert skikkeleg mat

Ingeborg Tusvik Nupen er utdanna ernæringsterapeut og kosthaldsrettleiar. Ho seier at maten som blir servert på sjukehus er svært viktig.

– Det er absolutt eit hus der ein treng å få servert skikkeleg mat, sånn at pasientane får restituert og komme seg til igjen raskare, seier ho.

Ingeborg Tusvik Nupen held eitt lyst, billig brød og eitt grovt, dyrt eitt i hendene.

Ingeborg Tusvik Nupen seier at det er viktig med eit ferskt måltid som smaker godt, ser godt ut og har rett konsistens.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ho fortel at næringsinnhald er viktig, men også utsjåande.

– Eg tenkjer at alle verdset matglede høgt. At måltidet er freistande og appellerer er ein viktig faktor.

– Set ikkje pasienten i fokus

Sjølv trur Schrøen at løysinga på «matproblemet» er at sjukehuset får eit eige kjøkken der dei lagar maten.

– Dette var vel noko dei gjorde for å spare pengar, men dei set i alle fall ikkje pasienten i fokus. Før bakte dei brød sjølv, men no skal alt skal vere så effektivt og rimeleg som mogleg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL