Glasmaleriet er eitt av 96 motiv som kunstnaren Håkon Bleken har laga til kyrkja.
Bildet viser det bibelske motivet der Abraham etter bod frå Gud skal ofre sonen sin.
Vanskeleg for barn
Kunstverket er gjengitt med løyve frå Håkon Bleken.
Biskop Bondevik har bedt om at motivet utgår fordi det er vanskeleg å forklare dette for barn, skriv avisa Vårt Land.
Eitt av 96 bilde
Informasjonsleiar i utsmykkingskommiteen ved Spjelkavik kyrkje, Britt Walle Ekroll, er ikkje samd i biskopen si vurdering. Ho meiner dette er eitt av 96 bilde, og at det er ein del av ein heilskap, og ikkje eit dramatisk blikkfang. Valle Ekroll seier at bileta er sett i ein samanheng og at biletserien fortel den store bibelhistoria.