Hopp til innhold

Bestefar dømd til fengsel i 5 1/2 år etter overgrep

Ein mann i 60-åra er i Søre Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i 5 1/2 år etter å ha forgripe seg mot barnebarnet sitt frå ho var sju år. Han må også betale over fire millionar.

Norges lover

Ein mann i 60-åra er dømd til fengsel i 5 1/2 år, eit halvt år meir enn det aktor kravde.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Retten trur på jenta, og ser heilt vekk frå forklaringa til mannen, heiter det i dommen.

No må han i fengsel i 5 1/2 år, og det er eit halvt år lengre enn aktor kravde. I tillegg må mannen i 60-åra betale over fire millionar kroner i erstatning til jenta. 2,5 millionar kroner er for framtidige tapte inntekter, og vel 2,2 millionar i erstatning.

Det er berre eit samandrag av dommen som no er offentleggjort.

– Viktig å bli trudd

Tone Monclair

Støtteadvokat Tone Monclair seier jenta først og fremst er letta over å bli trudd. Ho håper bestefaren ikkje ankar.

Foto: Tor René Stryger / NRK

Tone Monclair, jenta sin bistandsadvokat, seier dei ikkje har fått gått nøye gjennom dommen, men at det vesentlege for jenta var å bli trudd.

For min klient har det vore viktig å bli trudd, og det har ho blitt. Det er vi glade for. Det er ei veldig alvorleg sak, ei tragisk sak.

Fryktar de at han ankar?

Det er ikkje uvanleg at denne typen dommar blir anka, men vi håper han ikkje gjer det, seier Monclair.

Tiltale tatt ut av riksadvokaten

Det er riksadvokaten som har tatt ut deler av tiltalen. Det gjeld den mest alvorlege delen av tiltalen, punktet om at mannen i 60-åra skal ha utført fleire grove seksuelle overgrep mot barnebarnet sitt då ho var berre sju år gamal.

Dette skal ha skjedd i tida rundt 2004.

Statsadvokaten har i tillegg tatt ut tiltale på to punkt: seksuelle overgrep i 2007 og 2011. For bestefaren skal ha forgripe seg på nytt mot jenta då ho var blitt ti år gamal, og også då ho var 14 år gamal. Dette skal ha skjedd i samband med overnattingsbesøk hos bestefaren.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med mannen sine forsvarar.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL