NRK Meny
Normal

Bestefar tiltalt for grove seksuelle overgrep mot seksåring

Ein sunnmørsmann i 60-åra er tiltalt for grove seksuelle overgrep mot barnebarnet sitt. Jenta var berre seks år då overgrepa skal ha starta.

Søre sunnmøre tingrett

Mannen risikerer over seks års fengsel dersom han blir dømd i Søre Sunnmøre tingrett.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er riksadvokaten som har tatt ut deler av tiltalen. Det gjeld den mest alvorlege delen av tiltalen, punktet om at mannen i 60-åra skal ha utført fleire grove seksuelle overgrep mot barnebarnet sitt då ho var berre seks år gamal.

Dette skal ha skjedd i tida rundt 2004.

Mannen i 60-åra risikerer over seks års fengsel dersom retten finn han skulding i overgrepa som han no er tiltalt for.

Statsadvokaten har i tillegg tatt ut tiltale på to punkt: seksuelle overgrep i 2007 og 2011. For bestefaren skal ha forgripe seg på nytt mot jenta då ho var blitt ti år gamal, og også då ho var 14 år gamal.

Saka startar i Søre Sunnmøre tingrett 13. februar, og det er sett av fem dagar.