Hopp til innhold

Lady Arbuthnott kan vere berga for framtida

Sunndal kommune bidrar til å berge musikkspelet Lady Arbuthnott. – Denne sikkerheita er svært bra for framtida, meier kultursjefen.

Lady Arbuthnott

Lady Arbuthnott frå scena i Sunndal i 2013.

Foto: Roar Halten / NRK

Ole Magne Ansnes

Kultursjef i Sunndal, Ole Magne Ansnes, håper at musikkspelet er berga for framtida.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Musikkspelet Lady Arbuthnott får støtte frå Sunndal kommune med 400 000 kroner. Onsdag vedtok kommunestyret at spelet skal få denne summen kvart år dei komande tre åra.

Kommunestyret sa samtidig ja til å bidra med koordinering. Kultursjef Ole Magne Ansnes seier at dette er bra for framtida til musikkspelet.

– Det vart gjort eit godt vedtak, og det vil gi oss økonomisk sikkerheit i tre år framover. Med dei erfaringane som eg har frå tidlegare drift er det positivt med at vi har ein god plan, seier Ansnes.

Berga for framtida?

Han fortel at det er komplisert å drive teater, og han syns det er vanskeleg å seie om teaterstykket er berga for framtida elle ei.

– Det er i alle fall lagt eit så godt grunnlag som mogeleg for året som kjem, også får vi håpe at publikum dukkar opp, seier kultursjefen.

I fjor sa Ansnes at dei selte ut alle billettane, men at dei likevel mangla ein million kroner. No er pengane på plass. Han meiner at viss publikum kjem jamt så vil spelet vere sikra for tre år framover. Han syns òg at det er heile naturleg at kommunen er med på koordinering.

– For meg hadde det vore heilt unaturleg å stått på sidelinja. Vi driv med dette heile tida og eg trur at vi kan gjere ein god jobb framover. Vi har god oversikt over kva som skjer så eg meiner at dette var eit riktig vedtak, seier Ansnes.

Lady Arbuthnott

Her frå scena i Sunndal ved tidlegare framsyningar.

Foto: Arild Dyrkorn

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL