Hopp til innhold

Ladyen på scena igjen

Trass konkurs i fjor: Sunndal Kulturfestival oppfører musikkspelet Lady Arbuthnott fram til 26.juni.

Video Lady Arbuthnott klar for scena igjen

Forestillinga i år er den største nokon gong. Sjå video over.

Det såg mørkt ut - for i fjor blei festivalen slått konkurs. Men no har musikkspelet Lady Arbuthnott premiere igjen.

Marit Synnøve Berg

Marit Synnøve Berg spelar rolla som ladyen for siste gong

Foto: Roar Halten / NRK

Marit Synnøve Berg har hatt rolla i 10 år, men no er ho med for siste gong.

- Dette er noko av det finaste eg har vore med på i heile mi 20-årige karriere som skodespelar. - Det blir trist å slutte.

Ole M. Ansnes

Festivalleiar Ole M. Ansnes seier dei satsar større enn nokon gong.

Foto: Roar Halten / NRK

Festivalleiar Ole M. Ansnes slår fast at til tross for konkursen i fjor så blir det forestillingar også i år.

- Vi har tru på det vi har å tilby sjølv om det ikkje var nokon sjølvsagd ting etter fjorårets festival. Årets oppsetning er større og bedre enn nokon gong. - Vi har ikkje som policy å vere beskjedne nei, seier Ansnes med eit smil.

Sjå video over.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no