Hopp til innhold

Bergar ikkje kommuneøkonomien

Kommunane får kompensjon for svikt i skatteinntekter, men 1,1 milliard kroner betyr ikkje mykje på kvar kommune.

Kommunane får kompensjon for svikt i skatteinntekter, men 1,1 milliard kroner betyr ikkje mykje på kvar kommune.

Kommunane er glade for 1,1 milliard ekstra kroner i revidert nasjonalbudsjett. Men summane som kjem inn til den enkelte kommune vert så små at det får lite å seie for den daglege drifta.

Kompensasjon

Ålesund kommune får 7,6 millionar kroner av dei 1,1 milliardane.

– Det var ikkje sikkert vi kom til å få ein kompensasjon, så dette er veldig bra, meiner fungerande ordførar i Ålesund, Geir Stenseth (FrP).

Han trur dei 7,6 millionane vil kompensere for skattesvikten.

– Det trur eg det gjer. Det kunne i alle fall vore verre om vi ikkje fekk dei 1,1 milliardar kronene til fordeling.

Les også:

– Burde ha vore dobbelt så mykje

Dersom regjeringa var villege til å kompensere fullt ut for skattesvikten, burde påplussinga ha vore nærare to milliardar kroner, meiner gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Svein Rune Johannessen.

– For Ålesund kommune ville det ha gitt 15, 7 millionar ekstra i år, noko som hadde betydd 15 sjukeheimsplassar, 110 barnehageplassar eller 23 årsverk i skulen.

Den nye rådmannen, Astrid Eidsvik, har no sett seg inn i den økonomiske situasjonen i Robek-kommunen Ålesund og ho ser mange hol å fylle pengar i.

– Det er positivt med alle pengar vi kan få. Likevel hadde vi forventa å få desse midlane, så slik sett betyr det ikkje noko i forhold til den budsjettsituasjonen Ålesund kommune er inne i.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL