Hopp til innhold

– Ein må opne augo for det som skjer på sjukeheimane

Ifølgje ei undersøking har ni av ti pleiarar på sjukeheim krenka eller forsømt ein bebuar. Else Lykkeslet ved Høgskulen i Molde er forskrekka over mangelen på respekt.

Else Lykkeslet

Else Lykkeslet er studieleiar for master- og etterutdanninga helse- og sosialfag ved Høgskulen i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er jo eit møte mellom to menneske. Det er respekten som ikkje er der når slike ting skjer. Det synest eg er veldig graverande, iallfall for meg med bakgrunn som sjukepleiar, seier Else Lykkeslet som er studieleiar for helse- og sosialfag ved Høgskulen i Molde

616 pleiarar ved 16 sjukeheimar i Midt-Noreg har svart på ei spørjeundersøking utført av førsteamanuensis Wenche Malmedal ved Høgskulen i Sør-Trøndelag. Undersøkinga var del av doktorgraden hennar og tok for seg korleis pleiarar behandlar bebuarane på arbeidsplassen sin.

– Omsorg er respekt

Resultata, som er skildra i Aftenposten, er oppsiktsvekkande: Ni av ti pleiarar seier dei har kjefta på, forsømt, ignorert eller brukt makt mot bebuarar. Lykkeslet synest det er tøft å lese kva undersøkinga avslører om haldingar og moral hjå pleiarar.

– Her kom det fram at dei snakkar krenkande om andre bebuarar så andre kan høyre det. Det er klart at er du sjuk og lidande, så gjer dette deg endå mindre, seier ho oppgitt.

Avdelingsleiaren meiner respekt og verdigheit er noko av det viktigaste ein kan bringe andre i pleie- og omsorg.

– Sjølvsagt skal vi ha god fysisk pleie og god omsorg. Med omsorg ligg dette med verdigheit og det med å møte folk med respekt, seier ho.

Ikkje overraska

Trass i at Lykkeslet synest det leit å lese det som står i undersøkinga, er ho ikkje overraska.

–Eg har vore ute i sjukeheim og sett mange ting, som eg synest er leit. Det er klart at mykje av grunnen gir opp dei som underbemanning. Det er ein del av det. Det eg ser på sjukeheimar her i Romsdalen, er at dei kuttar ned på personell.

– Kan krenkingar og overgrep bli kvardagen på sjukeheimane på grunn av alle innsparingane?

– Eg trur vi må ha augo opne for at det kan bli slik dersom vi ikkje gjer noko dramatisk. Politiske myndigheiter og kommunestyra må orke å opne augo og sjå korleis dei sjuke har det, samt snakke med pleiarane, seier ho.

– Slitne pleiarar

Mange av pleiarane legg fram vanskelege bebuarar som årsak til at dei oppfører seg som dei gjer. Det synest Lykkeslet er ei dårleg orsaking.

– Dersom du har mykje smerter, fleire diagnosar som plagar deg og tillegg kanskje har demens – då er det ikkje rart om ein vert sint og utagerande, seier ho.

Samstundes har ho også forståing for at kvardagen kan bli tøff for mange pleiarar.

– Eg har snakka med pleiarar som seier at dei er så slitne når dei går frå vakt at når dei kjem heim og set seg ned, så tenkjer dei "om nokon snakkar til meg, så bryt eg ut i gråt".

Etterlyser kompetanse

Avdelingsleiaren for master- og etterutdanning etterlyser meir og betre kompetanse blant dei som jobbar på sjukeheim. I undersøkinga er 20 prosent av respondentane sjukepleiarar. Elles så er det andre som er utdanna på eit lågare nivå.

– Eg har merka ein tendens med at eldreomsorg er at alle kan gå inn og pleie. Vi treng ei styrking, ikkje berre av sjukepleiarar, men også med spesialutdanna sjukepleiarar, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL