Hopp til innhold

Tilsyn avdekka at tilsette kasta opp fordi dei grudde seg til å gå på jobb

Slag, spark, biting og seksuell åtferd. Det avdekka Arbeidstilsynet då dei var på tilsyn ved Svolvær omsorgssenter. – Ikkje uvanleg, seier Sjukepleiarforbundet.

Tillitsvald Heidi Rolandsen ved Omsorgssenteret i Vågan.

Tillitsvald Heidi Rolandsen fortel at omsorgssenteret slit med rekruttering. – Auka bemanning hadde løyst det meste, seier ho.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

I april i fjor hadde Arbeidstilsynet tilsyn ved Svolvær omsorgssenter i Vågan kommune.

Rapporten etter tilsynet er dyster.

Der kjem det mellom anna fram at tilsette er kjempeslitne. Arbeidet blir beskrive som fysisk og mentalt belastande.

Så belastande at tilsette spyr før dei gå på jobb fordi dei gruer seg.

Inngangen til Svolvær Omsorgssenter

Innanfor dørene til dette omsorgssenteret grudde mange tilsette seg så mykje til å gå på jobb at dei kasta opp. Dette kom fram i ein rapport frå Arbeidstilsynet.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Dette fortalde dei i intervju med Arbeidstilsynet.

– Då var det ein tøff periode med mykje vald og truslar. Det skapte igjen ein del sjukefråvær.

Det seier tillitsvald og helsefagarbeidar Heidi Rolandsen.

– Tilsette fortalde at det ikkje gjekk ein dag utan at nokon vart trua, anten fysisk eller verbalt.

Tillitsvald Heidi Rolandsen ved Svolvær Omsorgssenter henter plaster og teip på lageret

Tillitsvald Heidi Rolandsen fortel at det i nokon periodar er veldig tøft for dei tilsette ved omsorgssenteret. Slik var det i tida før og etter at Arbeidstilsynet var på besøk.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Mange gongar kan det verbale vere like vondt som å få seg eit slag, seier Rolandsen.

Det kjem også fram i rapporten at tilsette var åleine med pasientar og bebuarar som utagerte. Dette skjedde særleg på nattevaktene.

Enkelte bebuarar utagerte på ein sånn måte at dei tilsette aldri burde vore åleine med dei, står det i rapporten.

– Meir utfordrande no

Omsorgssenteret i Vågan har utfordringar med bemanning.

I rapporten står det at bemanningssituasjonen på omsorgssenteret generelt ikkje har endra seg dei siste åra, sjølv om pasientgruppa er mykje sjukare no enn før.

Pasientane blir berre dårlegare og dårlegare, og er multisjuke når dei kjem inn. Det betyr at behova er annleis enn før og at behovet for bistand er mykje større. At pasientar eller bebuarar er mykje sjukare enn før, betyr også at dei er like aktiv på natt som på dag, i tillegg til at det er mykje utagering

Utdrag frå rapport

Ifølgje Rolandsen har dei same grunnbemanning no som for 15–20 år sidan. På den tida kom pasientane med kofferten i handa og trong ein plass å bu for å få litt ekstra hjelp.

– I dag er det blitt noko heilt anna. Det er meir utfordrande no.


Omsorgssenteret i Vågan.

Omsorgssenteret i Vågan har utfordringar når det gjeld bemanning. Det fø

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Fleire av bebuarane og pasientane er multisjuke. Dei har gjerne demens med andre samansette sjukdommar, som til dømes rus- og psykiatriproblem, ifølge Rolandsen.

I tillegg er det fleire med demens som er yngre enn før.

– Dette kan gjere pasientar utagerande og at det kan vere store utfordringar med dei, seier ho.

Og den komande eldrebølga gjer ikkje situasjonen noko betre.

– Det blir tøft.

Les også Mørkved sjukeheim i Bodø har ikkje brukt vikarbyrå på 20 år

Virksomhetsleder Merete Kristensen og sjukepleier Karoline Johnsen.

Mest utsett for vald på jobb

Lill Sverresdatter Larsen, forbundsleiar ved Sjukepleiarforbundet, seier dette ikkje er noko nytt.

– Det er alvorleg at det er slik. Diverre er ikkje desse arbeidsforholda overraskande for Norsk Sykepleierforbund.

NRK har tidlegare skrive om Mathilde som slutta som sjukepleiar på grunn av eiga helse, og Linnea frå Rogaland som har blitt slått og klort på jobb.

Levekårsundersøkinga om Arbeidsmiljø for 2022 seier at saman med tryggleiksarbeidarar er sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre i pleie og omsorgssektoren mest utsett for vald, seksuell trakassering, hets og mobbing på jobb. Det viser tal frå SSB.

Difor har Norsk Sykepleierforbund lenge etterlyst at Arbeidstilsynet i større grad skal gå inn i helse- og omsorgstenesta.

– Vi har over fleire år vist til mangel på systematisk HMS-arbeid i helsesektoren, seier ho.

Lill Sverresdatter Larsen, leder i NSF

– Det burde vere av interesse for kommunane å orde opp i slike arbeidsforhold, då det er stor mangel på sjukepleiarar og helsefagarbeidarar fleire stader, seier forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i sjukepleiarforbundet.

Foto: Ingvild Vik / NRK

Ho meiner belastninga må ned.

Det må vere eit fagmiljø sjukepleiarane kan finne seg til rette i. Og for leiarane våre må det vere tid og rom for å kunne leie.

Les også Legeforeningen reagerer på uttalelser fra Kjerkol: – Ikke dekning for påstanden

Helseminister Ingvild Kjerkol

Meiner auka bemanning ville løyst dette

Rolandsen i Vågan seier at dei har sett litt betring etter besøk av Arbeidstilsynet. Dei har blant anna fått ei ekstravakt som pendlar mellom avdelingane på dag og kveld.

I tillegg har det vore leigd inn ein ekstravakt på natta i tøffe periodar.

Men det er likevel låg bemanning. Hadde vi hatt ei større vikarbase, hadde problemet vore mindre, seier Rolandsen.

Som fleire stader i helsevesenet i kommunen, er det elendig rekruttering til sjukeheimen.

– Det ligg stillingar ute som det ikkje er søkarar på. Difor blir bemanningsbyrå brukt mykje meir for å klare å oppretthalde forsvarleg drift. Og det er dyrt.

Tillitsvald Heidi Rolandsen ved Omsorgssenteret i Vågan.

Tillitsvald Heidi Rolandsen trur auka bemanning villa løyst mange av problema på omsorgssenteret.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK


I all hovudsak meiner ho auka bemanning og betre lønn hadde løyst det meste. Då hadde også rekrutteringa vorte mykje betre. No finn særleg yngre tilsette seg lettare arbeid.

Det meiner Rolandsen er ein vond sirkel.

Larsen i sjukepleiarforbundet seier kvar femte planlagde sjukepleiarvakt står ledig ifølge deira nasjonale kartleggingar.

Sjukepleiarmangelen er òg dokumentert av KS, NAV og fleire forskingsrapportar.

Tillitsvald Heidi Rolandsen ved Omsorgssenteret i Vågan.

Riksrevisjonen har òg peika på at både kommunane og sjukehusa treng betre planar for å rekruttere sjukepleiarar, ifølge Larsen.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Det er ikkje normtal for kor mange som skal vere på vakt samstundes i helse- og omsorgstenesta. Det har vi etterlyst, seier forbundsleiaren.

Difor meiner ho ein treng at nasjonale myndigheiter tar tak i utfordringane. Slik kan diskusjonen om kvalitet bli knytt til pasientanes behov.

Les også Mener det er for mye fokus på sykepleiermangel: – De løser ikke helsekrisen alene

Flere helseyrkesgrupper har god kompetanse som kan avlaste fastleger, slik at de kan bruke tida si på det de må, sier Gro Jamtvedt, dekan ved OsloMet, fakultet for helsevitenskap.

Kommunen: – Arbeider med å betre situasjonen

Kommunalsjef i Helse og omsorg i Vågan, Mette Nygård, seier det er svært beklageleg om dei tilsette ved omsorgssenteret ikkje gleder seg til å gå på vakt, og blir sjuke av det.

– Vi vil som organisasjon gjere vårt ytste for at tilsette skal ha ein trygg og god oppleving på arbeid.

– Ved Svolvær Omsorgssenter, som ved andre tenestestader, er det meldt om avvik som går på truande åtferd mot blant anna tilsette, seier Nygård.

Helse- og omsorgssjef Mette Nygård, Vågan kommune

Kommunalsjef i Helse og omsorg i Vågan, Mette Nygård fortel at dei har invitert dei tilsette ved omsorgssenteret til å kome med ønsker om ny arbeidsplass når Svolvær Omsorgssenter blir lagt ned.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Etter at Arbeidstilsynet kom med sin rapport har HMS-utvalet ved Svolvær Omsorgssenter i samråd med kommunen utarbeidd ein plan for korleis dei skal betre situasjonen på omsorgssenteret.

– Eit av tiltaka er i periodar å styrke bemanninga til situasjonen er under kontroll, seier Nygård.

Både kommunen og dei tilsette ved omsorgssenteret er nøgde med planen.

Les også Forventer en bølge av utbrente og sykmeldte folk som følge av millionkutt

Mona Irene Engelien på kafe langt unna

HMS-gruppa og andre tilsette har starta arbeidet med å sette i verk dei ulike tiltaka som blei beskrive i planen, ifølge Nygård.

Samstundes har kommunestyret vedtatt at Svolvær omsorgssenter skal bli nedlagt i løpet av 2024.

– Det vil i løpet av våren bli tatt stilling til kva som skal vere dei tilsette sine nye arbeidsplass når nedlegginga av Svolvær Omsorgssenter er eit faktum, seier Kommunalsjef i Helse og omsorg i Vågan.

Les også Psykolog mener vi må sette lavere terskel for å være hjemme med sykdom

Psykolog Sidsel Fjelltun