Hopp til innhold

Giske kommune får kritikk og pålegg frå Fylkesmannen etter tilsynssak

16. mai var fylkeslegen på stadleg tilsyn ved Giske omsorgssenter, grunna uvanleg mange klager og bekymringsmeldingar. No har Fylkesmannen pålagt Giske kommune å gjere om gamle vedtak.

Eldre på Giske omsorgssenter

Her er nokre av damene som bur på omsorgssenteret på Giske. Torsdag ettermiddag var det eit større møte i bygningen, då fylkeslegen var på stadleg tilsyn.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Fylkesmannen pålegg Giske kommune å gjere individuelle vurderingar og fatte vedtak for alle bebuarar frå tidlegare Vigra sjukeheim.

Bebuarane fekk i 2011 endra buforma si frå sjukeheim til omsorgsbustad, noko som det siste året har ført til mange klager og bekymringsmeldingar frå pårørande.

Ifølgje Fylkesmannen blei det ikkje opplyst om klagerett, eller gjort medisinske vurderingar av kvar bebuar før overføringa.

Dei tidlegare vedtaka om omgjering av sjukeheimsplassar til omsorgsbustader er difor ugyldige.

Bekymringsmeldingar nådde fram

I 2010 og 2011 vedtok Giske kommune å byggje ny sjukeheim. Då kostnadene blei for store, omgjorde kommunen den planlagte sjukeheimen til omsorgsbustadar. Vedtaket blei gjort i 2012.

Dette førte til fleire klager, og tidleg i februar slo fleire pårørande alarm. Spesielt meinte dei at bemanninga på nattetid var for låg.

– Når ein gjer som ein sjukeheimsplass til omsorgsbustad så endrar ein både driftsmåte og bemanninga kring pasient eller bebuar. Det har sjølvsagt noko å seie, sa Cato Innerdal til NRK 16. mai.

Då var den assisterande fylkeslegen på stadleg tilsyn ved Giske omsorgssenter. Stadleg tilsyn omtalte Innerdal som uvanleg.

Cato Innerdal

Assisterande fylkeslege Cato Innerdal var 16. mai på tilsyn ved Giske omsorgssenter. Her utanfor hovudinngangen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Andre tilsynssak

Fylkesmannen, ved fylkeslegen, opna derimot tilsynssak også i februar i år. Då fekk dei derimot gode nok utgreiingar. Fleire klager og bekymringsmeldingar gjorde derimot at dei opna ny sak.

Spesielt var bekymringsmeldingar frå pasient- og brukarombodet avgjerande. Dei skreiv i eit brev til Fylkesmannen at berre åtte sjukeheimsplassar var i eigentleg drift.

I tillegg stilte dei spørsmål kring endringa av tenestetilbod, bemanning og medisinering.

– I løpet av det siste halvåret har vi motteke fleire klager og bekymringsmeldingar om helsehjelpa som blir gjeve ved Giske omsorgssenter, kunne Innerdal fortelje på stadleg tilsyn.

«Dei opplevde at dei ikkje hadde eit val»

Ordførar i kommunen var positiv til tilsyn, og etter at fylkeslegen hadde møtt partane ved Giske omsorgssenter, var tonen god.

I dag torsdag kom Fylkesmannen i Møre og Romsdal med si vurdering.

«Fylkesmannen i Møre og Romsdal vurderer flytteprosessen frå Vigra sjukeheim til Giske omsorgssenter slik at ein ikkje kan hevde at alle bebuarane frivillig endra buform. Dei opplevde at dei ikkje hadde eit val. Ein må krevje særskilde utskrivingsvedtak for kvar einskild med opplysning om klagerett.», skriv Fylkesmannen.

Utskrivingsvedtak blei ikkje gjort, og Fylkesmannen kunne heller ikkje finne at medisinske vurderingar for kvar einskild bebuar har blitt gjort.

Klagene om forholda har ikkje kome frå bebuarar, berre frå pårørande, noko som gjer at Fylkesmannen ikkje har gått inn i einskilde saker. Det blir likevel ikkje utelukka at bebuarar skrivne ut frå Vigra sjukeheim eigentleg framleis burde vore på sjukeheim, ikkje i omsorgsbustad.

Må gjere individuelle vurderingar

Manglande medisinske vurderingar og manglande opplysningar om klagerett er gjennomgåande i kritikken frå Fylkesmannen til Giske kommune.

«Det ligg føre vesentlege manglar ved saksbehandlinga knytt til utskrivinga av kvar einskild bebuar. Fylkesmannen er av den oppfatning at kvart enkelt vedtak om utskriving frå Vigra sjukeheim er ugyldig. Fylkesmannen ber difor Giske kommune gjere nye utskrivingsvedtak for dei bebuarane ved Giske omsorgssenter som tidlegare har hatt vedtak om langtidsopphald ved sjukeheim.»

Dermed er svært mange tidlegare vedtak oppheva, og dei nye vedtaka må vere heimla i sjukeheimsforskrifta, seier Fylkesmannen.

Giske kommune sine vedtak om tildeling av bustad i Giske omsorgssenter, og vedtaka om praktisk bistand og heimehjelp, står derimot ved lag.

Legg seg flat

Ordførar i Giske, Knut Støbakk legg seg flat for feila som er gjort.

– Rett over helga tar vi kontakt med kvar enkelt bebuar og dei pårørande, seier Støbakk til NRK.