Hopp til innhold

Aktor ber om årelange fengselsstraffer for dei tre tiltalte

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Aktor ber om 3, 4 og 5,5 års fengsel for dei tre tiltalte i den store fiskeritjuverisaka på Sunnmøre.

Sunnmøre tingrett

Onsdag var det klart for avsluttande prosedyrar i rettssaka mot dei tre mennene som er tiltalt for grovt heleri og tjuveri av rundt 386 tonn fisk.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Aktor Hilde Haugen bad onsdag formiddag om medhald til å fengsle dei tre tiltalte i fiskeritjuverisaka i fleire år framover. Ho la også fram eit krav om at dei tre må betale ei erstatning til Scanprod og sakskostnadane i saka.

Ho argumenterte for ei fengselsstraff på 5 år og 6 månader for den hovudtiltalte, og meinte samstundes at han må dømmast til inndraging av 6,1 millionar kroner.

Scan-Mar AS, som eig Scanprod, har tidlegare fremja eit erstatningskrav på 9,7 millionar frå dei tre tiltalte. Bistandsadvokat for Scan-Mar, Toril Dale, la også fram eit krav om at dei tiltalte skulle dekke hennar klient sine sakskostnadar.

Strafferabatt for tilståing

Under si prosedyre argumenterte Haugen for at den hovudtiltalte må ha vore klar over at fisken han selde stamma frå ulovleg aktivitet.

Haugen vektla at mannen skulle ha strafferabatt for dei tiltalepunkta som er knytt til å la vere å betale skatt og moms, som mannen har vedgått både under rettssaka og i tidlegare avhøyr.

Politiadvokat Hilde Haugen

Aktor Hilde Haugen har lagt fram ein påstand om ei fengselsstraff på 5 år og 6 månader mot den hovudtiltalte i fisketjuverirettssaka

Foto: Silej Bjerknes / NRK

Ho meiner likevel at tiltalepunkta knytt til grovt heleri og unndraging av skatt er så alvorlege at fem år og seks månader er ei passande straff for den hovudtiltalte mannen.

Haugen viste i si prosedyre til at mannen er tiltalt for grovt heleri av fisk til ein samla verdi av 11, 6 millionar kroner. Han er også skulda for å ikkje ha betalt 5,5 millionar i skatt og for å ha fakturert 1,5 millionar i moms, som han beheldt sjølv.

– Det er spesielt skjerpande at mannen er dømt for liknande forhold tidlegare. Det er snakk om fleire alvorlege lovbrot og det eg meiner er samfunnsfarleg kriminalitet sa Haugen.

Mannen er også tiltalt for brot på matlova, men erkjende ikkje straffeskuld for dette punktet då han forklarte seg i starten av rettssaka. Aktor vektla at mannen hadde drive med fisk sidan 2003, og at han burde ha sett seg inn i lovverket knytt til blant anna merking av fisk. Dette punktet er også ein del av straffepåstanden som aktor har fremja.

Ber om fire år fengsel for nummer 2

Aktor Hilde Haugen ber også om fire års fengsel for den tilsette i Aalesund Seafood som er tiltalt for å ha kjøpt ulovleg fisk for 11,6 millionar, vel vitande om at det var ei straffbar handling som låg bak. Aktor ber også om at mannen dømmast til ei inndraging av nesten 3,3 millionar kroner.

Haugen meiner at Aalesund Seafood og den tiltalte har brote matlova ved å ta imot umerka fisk frå den hovudtiltalte, som ikkje var mogleg å spore. Ho meinte også at den tiltalte burde ha visst at fisken stamma frå ulovleg aktivitet. Aktor meiner også at mannen må dømmast for unndraging av moms.

Aktor vektla at det var skjerpande at den tiltalte hadde vore med å lagt rette til omsetting av det påtalemyndigheita meiner er ulovleg fisk. Her la Haugen blant anna vekt på dei hundrevis av meldingane som hadde blitt utveksla mellom dei to.

– Den tiltalte har hatt ei avgjerande rolle i å få fisken ut på marknaden. Denne omsetninga av fisk er samfunnsfarleg kriminalitet og konkurransevridande. Dette forholdet er også spesielt skjerpande fordi det er til skade for heile næringa sitt renommé, sa Haugen.

Ber om 3 års fengsel for nummer 3

Haugen la til slutt fram ein påstand om 3 års fengsel for den tidlegare Scanprod-tilsette som er tiltalt for tjuveri av 220 tonn fisk til ein verdi av 8,8 millionar kroner frå sin tidlegare arbeidsgivar frå slutten av 2011 til mars 2015. Aktor ber også om ei inndraging på 1,3 millionar.

Her vektla Haugen dei omfattande pengeoverføringane som hadde skjedd frå den hovudtiltalte til den tidlegare Scanprod-tilsette, og at desse overføringane skal ha skjedd i same tidsrom som mange, men ikkje alle, av fiskeleveransane til Aalesund Seafood. Tiltalte har tidigare forklart at desse pengane var til tipping.

– Det er snakk om grovt heleri av fisk til ein omfattande sum. Det er i tillegg skjerpande at mannen har brote den tilliten som arbeidsgivar har hatt til han, sa Haugen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL