Hopp til innhold

Vil krevje nesten 11 millionar frå dei tiltalte

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Aktor har lagt fram eit krav om inndraging av nesten 11 millionar frå dei tre tiltalte i fisketjuverisaka på Sunnmøre.

Hilde Haugen

Aktor Hilde Haugen har fremja eit krav om inndraging av rundt 10,7 millionar frå dei tre tiltalte i fisketjuverisaka.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dette kjem i tillegg til erstatningskravet på 9,7 millionar som bedrifta Scan-Mar AS, som eig Scanprod, krev frå dei tre tiltalte i saka. Dei to krava utgjer eit totalt erstatningskrav på nesten 20 millionar kroner dersom dei tre blir dømd.

Tysdag starta fisketjuverirettssaka på Sunnmøre opp igjen etter å ha hatt pause sidan fredag.

Ubetalte skattar og utgifter

Aktor starta den sjette dagen av rettssaka med å gå gjennom bevisa mot dei tre mennene som står tiltalt for heleri av fisk frå Scanprod AS til ein samla verdi av nesten 12 millionar kroner. Der blei det mellom anna lagt vekt på dei økonomiske transaksjonane som skal ha skjedd mellom dei tre tiltalte, i samband med kjøp og sal av fisk.

Frå den hovudtiltalte krev påtalemyndigheita ei inndraging på 6,1 millionar kroner for ubetalte skattar og utgifter. Summen som ligg til grunn er basert på fakturaane mellom den hovudtiltalte og Aalesund Seafood i løpet av 2010 til 2015.

Frå mannen som er tiltalt for å ha kjøpt fisken har aktor fremja eit krav på nesten 3,3 millionar.

Her har påtalemyndigheita lagt til grunn den prisen som blei avtalt mellom denne mannen og den hovudtiltalte, samanlikna med det som faktisk blei fakturert og påslaget som mannen skal ha fått. Dette skal vere rekna ut ifrå hundrevis av tekstmeldingar som har blitt utveksla mellom dei to.

Frå den siste mannen, som er tiltalt for tjuveri av fisk frå sin tidlegare arbeidsgivar, har aktor lagt ned ein påstand om inndraging av 1,3 millionar.

Desse utgjer totalt eit krav på rundt 10, 7 millionar frå dei tre tiltalte.

Heleri av fisk

Det er frå bedrifta Scanprod at påtalemyndigheitene meiner det skal ha blitt fjerna heile 386 tonn med fisk i løpet av ei femårsperiode. Ein tidlegare tilsett er tiltalt for å ha tatt 227 av desse tonna, medan to andre menn er tiltalt for heleri og kjøp av heile partiet på 386 tonn.

Ifølgje politiet skal det ha forsvunne 227 tonn fisk frå Scanprod i løpet av perioden 2011 til 2015. Denne fisken meiner dei å kunne knytte opp imot utbetalingar frå den hovudtiltalte og til den tidlegare Scanprod-tilsette mannen som no står tiltalt.

Politiet veit så langt ikkje kor dei rundt 150 tonna som utgjer resten av tiltalen kjem frå. Eigarane av Scanprod meiner på si side at også det resterande partiet stammar frå deira lokale.