Hopp til innhold

Pensjonistforbundet bekymra over eldre i Molde

Pensjonistforbundet ber no Fylkesmannen om å opprette tilsynssak i Molde fordi dei manglar sjukheimsplassar.

Glomstua Omsorgssenter

Ved Glomstua omsorgssenter i Molde må dei eldre bu tre på same rom.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Det var tysdag at NRK fortalde om Dagfrid Torhus og andre bebuarar ved Glomstua omsorgssenter i Molde som må bu på trippelrom fordi dei manglar plassar. No ber Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal Fylkesmannen om å opprette tilsynssak. Dei meiner at dei eldre ikkje får tilbodet dei har krav på.

– Det er heilt grotesk at tre må dele rom. Slik skal det ikkje vere. Vi har jo lenge fått lovnad om eldre skal ha enkeltrom, seier Jakob Strand. Han er styreleiar i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal.

Molde manglar 95 plassar

Jakob Strand

Jakob Strand er bekymra for dei eldre i Molde. No har Pensjonistforbundet bedd Fylkesmannen om å opprette tilsynssak.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dei har gjort fleire undersøkingar rundt eldreomsorga og tal frå i fjor viser at Møre og Romsdal manglar 995 sjukeheimsplassar. Molde manglar 95 plassar i høve norma til styresmaktene om 25 plassar per 100 over 80 år. Molde er også den kommunen som har flest ferdigbehandla pasientar liggande på sjukehus.

Får mange meldingar

– Dette er ei feil utvikling. Vi får stadige førespurnader frå fortvilte folk i heile fylket, seier Strand.

Han peikar på at det ikkje berre er i Molde eldre ikkje får tilbodet dei har krav på. No håper dei at Fylkesmannen tar tak i saka og ser at Pensjonistforbundet ikkje berre kjem med surmaga kritikk, men faktisk har rett.

Fylkeslegen vil granske

Og i 13.30-tida i dag beslutta Fylkesmannen at det vert opna tilsynssak mot Molde kommune. Assisterande fylkeslege, Cato innerdal, vil no be kommunen om ei utgreiing.

Molde kommune meiner at samhandlingsreforma har gjort at dei ikkje klarer å tilby einerom. I dag skal politikarane behandle saka på kommunestyremøte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL