Hopp til innhold

Ber kristne dempe hatet på nett

Indremisjonsleiaren er djupt sjokkert over kva fleire kristne får seg til å skrive på nett. – Når folk skriv ting som er på grensa til truslar, for så i neste innlegg å skrive at Jesus er glad i alle, så er det lite samsvar mellom liv og lære.

Arild Ove Halås

Arild Ove Halås, leiar i Nordmøre og Romsdal Indremisjon, reagerer særleg på det mange aktive kristne har delt og skrive på nett den siste tida – ikkje minst i den oppheita debatten rundt Sylvi Listhaug

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Arild Ove Halås, leiar i Nordmøre og Romsdal Indremisjon, reagerer på måten mange aktive kristne uttrykker seg på blant anna Facebook. I eit innlegg på Facebook skriv Halås at han både er sjokkert og skremt av dei mange ytringane han har sett på sosiale medium dei siste månadene.

Kristne skriv at KrF-leiar Knut Arild Hareide er ein Quisling og burde ha fått ei løkke rundt halsen. Jonas Gahr Støre blir kalla forrædar og landssvikar, og Sylvi Listhaug ein martyr og frelsar, men også ein idiot, rasist og djevel.

Arild Ove Halås

Det var Romsdals Budstikke som først omtalte saka. Heile innlegget kan du sjå her:

Auka med Listhaug-saka

Halås fortel at det heile toppa seg då Sylvi Listhaug gjekk av som justisminister, og at mykje av det som har blitt skrive er langt utanfor det som er akseptabelt.

– Jonas Gahr Støre får gjennomgå. Han blir kalla forrædar og landssvikar. Det verste eg har sett var nokon som skreiv at Knut Arild Hareide burde få ei løkke rundt halsen og at nokon beklaga at Støre ikkje blei skutt på Utøya.

Meir eksplosivt med religion

Vebjørn Selbekk

Vebjørn Selbekk, redaktør for den kristne avisa Dagen, seier dei ser mykje av det same i sine kommentarfelt.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Vebjørn Selbekk, redaktør for den kristne avisa Dagen, kjenner seg igjen i problematikken og seier dei ser mykje av det same i kommentarfelta og på Facebook. Han meiner samfunnsdebatten generelt har hardna til, og at dette ikkje berre er eit problem i kristne miljø.

– Det er klart at når spørsmål om tru og religion blir dratt inn, så blir det heile meir eksplosivt. Folk føler at det er mykje som står på spel og då sitt dei harde og uvennlege orda alt for laust. Det er eit mønster, dessverre, seier han.

Selbekk meiner dette er eit tema som fleire kristne leiarar bør ta tak i.

– Ein bør tenke; «ville eg sagt dette under kyrkjekaffien til folk eg snakkar med der?», seier Selbekk.

Fleire årsaker

Marjan Nadim, ved Institutt for samfunnsforsking, har forska på hatefulle ytringar. Ho kan ikkje seie noko om bakgrunnen i denne saka, men seier det finst fleire grunnar for å sende hatfulle ytringar på nett.

Marjan Nadim

Marjan Nadim seier det er fleire grunnar til at nokon skriv hatefulle ytringar.

Foto: Institutt for samfunnsforskning

– Ein grunn kan vere spenning, moro og merksemd. Det har utvikla seg ein kultur på delar av nettet der ein blir meir populær av å ha dei spissaste formuleringane, seier Nadim.

Den kan også handle om utdanning og opplysing.

– Her ser dei nødvendigvis ikkje sjølv at det dei skriv er hatefullt eller ille. Det handlar om å opplyse om sitt standpunkt, forklare sin ideologi, rekruttere folk eller forsvare si gruppe mot det dei ser på som fienden.

– Langt over streken

Arild Ove Halås

Arild Ove Halås, har fått mange positive tilbakemeldingar etter at han skreiv innlegget på Facebook.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Halås meiner også at mange deler innlegg ukritisk utan å tenke over kva det er dei faktisk delar og skriv.

– Enkelte deler innlegg utan å sjekke om det er sant. Det er ein del nettstadar som har ein nokså tvilsam omgang med fakta. Du sett namnet ditt under og går god for det som står der når du deler noko på Facebook.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL