Ber folk unngå opne sletter

Det er venta mykje lyn og torevêr i Møre og Romsdal søndag ettermiddag og kveld. Meteorologane ber folk unngå opne sletter. Dei ber også folk kople frå elektriske apparat. Det vil vere store lokale skilnader. Nokre stader vil ikkje få torevêr, melder meteorologane. Torevêret kan føre med seg lokalt kraftige vindkast og kraftige lokale regnbyer. Første helga i juli døydde to søstrer då lynet slo ned på Melshornet i Hareid.