Hopp til innhold

Ber folk kome seg ut i stormen

Det er meldt full storm langs kysten og langt innover landet 1. juledag. Denne mannen karakteriserer folk sitt ønske om å halde seg innandørs som resultat av urbanisering.

Eirik Gudmundsen
Foto: Roar Halten / NRK

Det er berre å ta på seg støvlane og regnkleda og kome seg ut. Denne mannen har ingen sans for ønsket om å halde seg på sofaen og framfor fjernsynet 1. juledag, fordi det regnar og bles kraftig ute.

– Det er resultat av urbanisering, konstaterer styreleiar Eirik Gudmundsen i Kristiansund og Nordmøre Turistforening.

Han meiner ønsket om trening innandørs, er symptom på det same.

– Det er fokus på at alt skal vere behageleg. Folk vil trene innandørs på helsestudio, alle idrettar vil inn, og forsvinn frå terrenget. Det er ei ugunstig utvikling, seier han.

  • Send oss gjerne bilde om du kjem deg ut i ruskeveret! Bruk epostadressa mr@nrk eller emneknaggen #nrkmogr på Instagram.

Meiner fleire bør oppleve vêret

Før julaftan gjekk meteorologane ut og varsla at det kom til å bli så dårleg ver 1. juledag at det ikkje var vits å gå ut i det heile tatt. Ei slik haldning til vêret er feil, meiner Gudmundsen.

Fleire burde vore ute og oppleve dårleg ver, slik at dei ser kor ufarleg det er. Dagleg mosjon er den rimelegaste medisinen som finnast, seier han.

Sjølv om det 1. juledag er tradisjon for å halde seg inne saman med den aller næraste familien, meiner han det er viktig å kome seg ut ei lita stund. Sjølv skal han ned i båthamna og sjå til båten.

– Vi skal ha familieselskap, så det blir ikkje så lang tur på meg i dag, medgir han.

Les også:

Meldt full storm

Det er langt frå kvit og snørik jul i Møre og Romsdal denne 1. juledagen. Meteorologisk institutt melder om full storm.

Det er allereie sørvest sterk vind på kysten, etter kvart dreiar vinden over på nordvest, då vil det merkast endå lenger inn i landet, seier vakthavande meteorolog Jørgen Grønneberg.

Sol allereie 2. juledag

Utover dagen og kvelden 1. juledag er det melst sludd- og snøbyer. Men allereie tysdag blir det betre. Då minkar både vinden og nedbøren.

I morgon blir det nokre byer først på dagen, så blir det gradvis betre utover dagen og etter kvart periodar med sol. Det blir også kaldare, så snøen som kjem i kveld blir liggande, seier han.

Gudmundsen oppfordrar folk til å oppleve den mørkaste tida på året utandørs.

– Det er også ein del av opplevingane vi kan ta med oss i jula, seier han, og legg til at alle turisthyttene er opne. Her kan ein oppsøkje det enkelte hyttelivet med talglys og minst mogleg elektrisitet.