Hopp til innhold

Ber foreldre halde barn unna livsfarleg leik i skibakken

Store haugar med kunstsnø er ein freistande leikeplass for barn, men no åtvarar skianlegga sterkt mot leik ved snøkanonane.

Kunstsnøproduksjon Strandafjellet

Kunstsnøproduksjonen er godt i gang på Strandafjellet.

Foto: Strandafjellet

Laurdag kveld var det ei nestenulykke i skibakken på Strandafjellet på Sunnmøre. Ein snøskuter var nær å køyre på eit barn som leika i bakken.

– Det er potensielt dødeleg å opphalde seg der no når vi produserer snø. Difor går vi så sterkt ut og åtvarar så foreldra kan passe på barna sine, seier marknadssjef Mari Riksheim ved Strandafjellet skisenter.

Problem over heile landet

Og skibakkar over heile landet melder om det same problemet. Interesseorganisasjonen Norske alpinanlegg og fjelldestinasjoner ber også folk om å halde seg unna områda der det er snøproduksjon.

Fristande snø å leike i.

Kunstsnøen som dalar ned er freistande for barn å leike i.

Foto: Strandafjellet

– Husk: Slangar under høgt trykk og maskiner i arbeide kan skape farlege situasjonar. Takk for at de respekterer våre skilt fram til skiheisane opnar. Då får snøleggarane jobbe i fred og vi unngår ulykker med akande barn eller utolmodige skifolk, skriv dei på si Facebookside.

Advarar mot leik i skibakke

Alle skianlegg i landet ber no foreldre om å passe på barna sine så dei ikkje går inn i skibakken mens dei produserer snø.

Foto: Skjermdump

– Magnet på barn

Marknadssjef Mari Riksheim på Strandafjellet seier dei store haugane med kunstsnø er som ein magnet på barn som har lyst å leike i snøen, når det elles er bert i terrenget rundt.

– Og det er heilt forståeleg. Men ved snøproduksjon er det slangar i sving med enormt høgt trykk. Vi må også stadig køyre skuter for å sjekke anlegget. Då er det stor fare for å bli påkøyrd om eit barn plutseleg dukkar opp frå ein snøhaug, forklarar ho.

Kunstsnøproduksjon Strandafjellet

Snøkanonane er farlege å leike med.

Foto: Strandafjellet

Skisenteret ber folk om å sjå på skibakken som eit anleggsområde når det er snøproduksjon der.

Men om ikkje så lenge, blir det råd å leike trygt i bakken igjen.

– Vi hadde eit mål om å opne anlegget 9. desember, men no er det så fine forhold for å produsere kunstsnø at vi kanskje kan opne før, utan at vi kan love noko, seier ho.