Hopp til innhold

Umogleg å spå drivstoffprisane – Kjersti hamstrar medan det er billig

Folk strøymde til pumpene då drivstoffprisane gjekk under 19 kroner tysdag. Men ikkje lang tid etter auka literprisen med fem kroner nokre stadar.

Fyller fleire kanner

HAMSTRING: Kjersti Norrud Giske fyller reservekannene sine medan drivstoffet er billig.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Akkurat no synest eg prisane var kjekke, seier Kjersti Norrud Giske.

Fire kanner står på rekke og rad ved drivstoffpumpene ved ein bensinstasjon.

Giske er i gang med å fylle for både seg sjølv, og sonen. Ho brukar reservekannene for å ha drivstoff på lager, sidan drivstoffprisane plutseleg kan bli høgare.

– Prisane har allereie hadde auka til 23–24 kroner andre stadar, seier ho.

Kjersti Norrud Giske er godt fornøgd med å ha fått tak i billeg drivstoff.

Kjersti Norrud Giske er godt fornøgd med å ha fått tak i billeg drivstoff.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Umogleg å spå prisane

Johan Andrew Bottesmo er analytikar ved Kinect Energy Group, og har følgt med på utviklinga i drivstoffprisane.

– Oljeprisen har gått ned. Det har nok samanheng med at vi forventar lågare prisvekst og har god tilgang på olje.

Låge drivstoffprisar

Mange bilistar svinga inn til ulike bensinstasjonar då dei såg drivstoffprisane i dag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Difor har prisen gått frå 27 kroner per liter til 19 kroner på kort tid. I tillegg blir prisane påverka av politikken på tvers av landegrensene.

– Lokal konkurranse er også eit element som har prega drivstoffmarknaden i alle år. Men det store fallet som har vore er på grunn av den politiske situasjonen i verda.

Bottesmo fortel at det er umogleg å spå korleis drivstoffprisane kjem til å utvikle seg framover.

– Så prisen kan plutseleg stige til 27 kroner igjen?

– Eg får håpe det ikkje skjer, men ja.

NRK har snakka med fleire analytikarar som meiner det er umogleg å seie noko om korleis prisane på drivstoff blir framover.

Les også Sverige senkar skatten på bensin

UTEN SLIPS: Og med minst 27 grader inne om sommeren i Pedro Sanchez' Spania.

Må fylle heile tida

Ghassan Hussein er ein av dei mange som fylte drivstoff på bilen sin i dag.

– Eg såg prisen her på eit Facebook-innlegg. Då køyrde eg av garde med ein gang. Dei siste gangane har eg kjøpt drivstoff for 25 kroner literen. I dag er prisen berre 18 kroner.

Drivstoff Hussein

Ghassan Hussein er glad for at prisen var låg i dag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tidlegare har han vegra seg for å fylle tanken. Han bur i Ålesund, men jobbar utanfor byen. Difor må han køyre mykje, og bilen hans sluker drivstoff.

– Bilen må fyllast nesten kvar dag. Det kostar mykje. Vi får krysse fingrane for at prisane blir enno lågare.

Les også Ein av tre hushaldningar har fått dårlegare økonomi

Prisvekst

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga