Hopp til innhold

Havarikommisjonen: – Sikkerheita til passasjerar i baksetet er ikkje god nok

To kvinner som sat i baksetet omkom i ei front mot front-ulykke på Sunnmøre i fjor. Statens havarikommisjon konkluderer med at sikkerheita må bli betre for dei som sit bak i bilen.

Trafikkulykke Austefjorden

ULYKKE: To personar omkom i trafikkulykka i Austefjorden på Sunnmøre i oktober i fjor.

Foto: Tipsar

Det var i oktober i fjor ein varebil og ein personbil kolliderte i ei 80-sone i Austefjorden i Volda kommune. To kvinner frå Arendal i Agder omkom i ulykka.

– Det er oppsiktsvekkande at det gjekk nokolunde bra med dei framme, medan det blei fatalt for dei bak, seier Rolf Mellum som er avdelingsdirektør i Havarikommisjonen.

Personane som sat framme i begge køyretøya blei lettare skadd i kollisjonen. I baksetet på personbilen sat det tre personar. Kvinna som sat i midten omkom umiddelbart.

Ei anna kvinne omkom seinare av skadane ho fekk i ulykka. Den tredje personen fekk skadar i magen.

Undersøkingar har vist at sikkerheitssystemet til sitteplassane i bilen var konstruert ulikt, går det fram i rapporten frå Statens havarikommisjon.

Baksete etter ei ulykke. Illustrasjon.

Slik såg baksetet i ein annan bil ut etter at den køyrde inn i eit stilleståande vogntog i 2020.

Foto: Statens Havarikommisjon

Fleire årsaker

Mellum vektlegg at det er fleire ting som gjorde at ulykka fekk eit så alvorleg utfall. Høg fart, sikring av passasjerar og utstyr har spelt inn.

Rolf Mellum i Havarikommisjonen.

OPPSIKT: Rolf Mellum seier det er viktig med meir fokus på sikkerheita til dei i baksetet av bilen.

Foto: Statens Havarikommisjon

Sikkerheita i midten i baksetet var direkte knytt til korleis ein delt bakseterygg klarer å motstå belastninga frå passasjer og bagasje plassert i bagasjerommet. I dette tilfellet bidrog usikra, men godt plassert bagasje, til store skader på bakseteryggen, står det i rapporten.

Dei skriv likevel at bagasjen var pakka på ein hensiktsmessig måte og at vekta var innanfor det ein bør forvente at ryggen skal kunne tole.

– Bilane har blitt mykje sikrare dei siste åra, men vi ser at det er ei svakheit knytt til sikkerheita til passasjeren som sit i midten bake. Baksetet har mange funksjonar. Det skal også kunne leggast ned. Vi meiner likevel at det finst tiltak for å betre sikkerheita, seier Mellum.

Han seier også at rett beltebruk og sikring av bagasje er viktig for å unngå skader i ulykker.

Trafikkulykke Austefjorden

BEKYMRA: Havarikommisjonen er bekymra for sikkerheita til passasjerar i baksetet på bilar. Det skjer etter funn dei avdekte i undersøkinga av ei ulykke i Volda.

Foto: Tipsar

Fokus på sikkerheit

Havarikommisjonen har vurdert testkrava til ryggen på baksetet opp mot denne ulykka og meiner testkrava ikkje godt nok varetar tryggleiken til passasjerar i midten i bak. Dei meiner også at det ikkje er etablert kollisjonstestar for midtpassasjerar i baksetet.

No rår dei Statens vegvesen til å vurdere å forbetre regelverket for sikkerheita til baksetepassasjerar.

– Dette er jo EU-krav, så vi anbefaler at dei speler dette inn for EU, seier Mellum.

Statens havarikommisjon meiner også at det er viktig at funna i undersøkinga blir delt internasjonalt.

Samferdselsdepartementet seier til NRK at dei nettopp har mottatt rapporten frå Havarikommisjonen, og vil bruke tida på å gjere seg kjent med den.

– Deretter vil vi be Statens vegvesen, som sikkerheitstilrådinga er retta mot, om å følge opp denne på vanleg måte. Vi vil også be dei om å orientere departementet om kva tiltak som blir sett i verk for å følge opp tilrådinga, skriv Kjell Brataas, seniorrådgivar i Samferdselsdepartementet.

– Sikr deg sjølv og bagasjen

Juleferien nærmar seg med stormskritt og mange kjem til å bruke bilen for å kome seg heim. Mellum ber folk om å vere nøye med å sikre både seg sjølv og bagasjen.

– Det er viktig å plassere beltet rett på kroppen. Ta av deg ytterkleda og få beltet godt ned på hofta. Fordel vekta på bagasjen i bilen, og har du tung bagasje bør du stroppe den fast, seier han.

Dei har også lansert ein video for korleis bilistar bør sikre seg når dei setter seg bak rattet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL