Hopp til innhold

Kvinne (62) omkom i bilulykke - tre i 20-åra flogne til Haukeland med alvorlege skadar

Ei 62 år gamal kvinne frå Sørlandet døydde av skadane ho fekk i ei møteulykke på E39 ved Damfosstunnelen i Volda søndag morgon. To andre i bilen er kritisk skadde etter ulykka.

Trafikkulykke Austefjorden

Ei kvinne omkom og fire er alvorleg skadde etter ei møteulykke på E39 ved Damfosstunnelen i Austefjorden i Volda. Ulykka skjedde søndag morgon.

Foto: Tipsar

Til saman sju personar er skadde etter at to bilar kolliderte, truleg front-mot-front i Volda på Sunnmøre søndag morgon.

Ei 62 år gamal kvinne døydde som følgje av skadane ho fekk, ho var passasjer i den eine av dei to involverte bilane.

– Ho omkom på ulykkesstaden, seier Ragnvald Rasmussen, operasjonsleiar i politiet til NRK.

Politiet melde først om det som truleg var ein front-mot-front-kollisjon klokka 09.12 søndag morgon. Sju personar i to bilar var involvert i ulykka:

Trafikkulykke Austefjorden

Ulykka skjedde på E39 like ved Damfosstunnelen i Volda kommune.

Foto: Tipsar
  • Ei 62 år gamal kvinne frå Arendal døydde
  • I den same bilen sat to kvinner i 20-åra frå Austlandet, begge er alvorleg skadde og den mest alvorleg skadde er flogen til Haukeland universitetssjukehus i Bergen, den andre til Ålesund sjukehus
  • Med i bilen var også to menn som bur i Sverige, den eine i 20-åra og den andre i 50-åra, begge er lettare skadde og får behandling ved Volda sjukehus

I den andre bilen sat eit svensk par i 20-åra, no busette i Ålesund. Dei er også alvorleg skadde og er flogne til Haukeland, opplyser politiet.

Politiet har varsla dei pårørande til dei involverte i ulykka.

Møteulykke mellom to bilar

Ulykka skjedde om lag 200 meter sør for tunnelinnslaget til Damfosstunnelen i Austefjorden på E39 mellom Volda og Nordfjordeid.

– Skadeomfanget er alvorleg for fem av dei. To skal vere lettare skadd. Alle er frakta vekk frå staden av helsevesenet, nokre i luftambulanse, andre i ambulanse, sa operasjonsleiar i politiet til NRK i 10.00-tida søndag.

Tipsarar kunne i ni-tida melde om fleire luftambulansar ved ulykkesstaden. Nokre av dei involverte blei raskt frakta vekk, medan andre fekk behandling på staden.

Ukjent årsak

Det var to personar i den eine bilen og fem i den andre. Ingen av dei involverte skal vere under 18 år. Politiet vil så langt ikkje seie noko om kvar dei sju er heimehøyrande. Årsaka til ulykka er så langt ukjent.

– Vi vil ikkje spekulere i kva som er årsaka til ulykka, men det skal ha vore ha vore glatt i området, seier Rasmussen.

Det var to personar i den eine bilen og fem personar i den andre som var involvert i ei møteulykke på E39 på Sunnmøre søndag morgon. Det skal ha vore glatt på staden.

Blir etterforska

Både kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen undersøkte staden søndag ettermiddag, før vegen blei opna igjen før klokka 16.

Trafikkulykke Austefjorden

Politi og Statens vegvesen har gjort undersøkingar for å finne årsaka til ulykka.

Foto: Tipsar

Fartsgrensa på staden er 80 kilometer i timen, og politiet vil ikkje spekulere i kva fart dei to bilane kan ha hatt då dei kolliderte.

– Det må vi gjere oppmålingar av for å finne ut, seier operasjonsleiaren.

Det har vore ei rekkje andre trafikkuhell i Møre og Romsdal søndag, og det skal ha vore glatt mange stader.

Ulykka skjedde på E39 ved Damfosstunnelen i Austefjorden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL