Hopp til innhold

Beklagar dårleg telefondekning på Longva - lovar bot og betring

Longva i Haram i har vore utan nett- og telefonsamband i fleire periodar i haust.

Bjørn Amundsen

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor lovar meir stabil telefondekning på Longva framover.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Øya har vore utan telefonsamband i fleire periodar under uvêr tidlegare i haust og vinter.

For om lag to veker sidan var Telenor på synfaring på Longva. Til NRK seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen at sambandet til Longva har vore altfor dårleg, og beklagar tiltak ikkje har vore sette i verk før.

– Eg vil beklage for at stasjonen har vore i ei så dårleg forfatning, seier han.

Telenor no er i gang med arbeid som skal gjere telefonsambandet til Longva i Haram meir stabilt. Radiolinje-spegelen som syter for telefonsambandet, skal gjerast meir solid.

– Stasjonen må bli langt meir robust for vêr og vind enn kva han er no, seier dekningsdirektøren.

Amundsen reknar med at arbeidet er ferdig i slutten av veka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL