Hopp til innhold

Han bestemmer over dekninga di

Bjørn Amundsen har ein viktig jobb, for han er med på å bestemme kor god mobildekning me skal ha. NRK vart med han på jobb til Trollstigen.

Amundsen har ein viktig jobb, for han er med på å bestemme kor god mobildekning vi skal ha. Vi blei med han på jobb til Trollstigen, der over 700.000 turistar årleg ønskjer å dele sine opplevingar via nettopp telefonen.

Dekningsdirektør i Telenor har full kontroll

TROLLSTIGEN

I Trollstigen er det ikkje god nok dekning, og Amundsen er på jobb for å sjekke stoda.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix
Bjørn Amundsen

I spesiallaga bil køyrer Amundsen rundt for å kontrollere kvar det er dekning.

Foto: Erik Hattrem / NRK
Spesialbil

Denne spesialbilen gjer at Amundsen kan måle kvar du har dekning.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Namnet hans er Bjørn Amundsen, han er født i 1957, og han har ein noko spesiell jobb. Han er nemleg dekningsdirektør i Telenor, og jobben med dekningsansvaret har han hatt sidan 1994. Og han har full kontroll på kvar det er dekning.

– Her er det ganske greitt, me har riktig nok dårleg 2G-dekning (tale og sms), men det håpar eg me får gjort noko med før neste sommar, seier han medan han køyrer bil på veg til Trollstigen.

Han fortel at dei på Telenor ser at no om dagen flyttar folk seg frå å meine at tale og sms er viktig, til at å meine at mobil breibandsdekning er det viktigaste.

– Slik at dei får oppdatert Twitter, Facebook, Snapchat eller får streame NRK eller andre media der dei er, legg han til.

Amundsen fortel at god dekning er viktig, og at i Trollstigen der over 700.000 turistar er på besøk i året, så er ikkje dekninga god nok.

– Eg trur eg skal vera ærleg og svare nei på det, for ein kan godt ringe her, men breibandshastigheita her er ikkje god, seier han.

Køyrer spesialbil

Bilen Bjørn Amundsen køyrer rundt i er spesiallaga, ein dekningsbil som han kan måle dekninga med, kvar som helst. Òg i Trollstigen.

– Då køyrer eg nedover her, men eg ser eg ikkje har fått noko meir utslag på mobilen i det heile tatt, seier han medan han ser på telefonen sin som heng på rattet.

Dermed må noko gjerast. Amundsen tilbakestiller utstyret og ser om det fungerer slik det skal.

Dyrt med oppdatering

Sjølv om Amundsen veit det er ynskje om betre dekning i Trollstigen, så har det ein prislapp.

– I dette tilfellet så har det førebels vore for dyrt å bygge god mobildekning for breiband, og me er litt i tenkeboksen for å sjå kva me kan gjere før sommaren 2014, seier han.

Det at mange ynskjer å følge utviklinga innan telekommunikasjon der mobilt breiband er viktig gjer at Telenor vel å investere.

– Me investerer no fire milliardar kroner, og meir enn det, i året i infrastruktur på fast mobil og internett i Noreg, seier han og understrekar at det er høge beløp, det sjølv om han seier det enno er usikkert om Trollstigen får betre dekning.