Hopp til innhold

Båtfolk sinte for pallar

Pallar etter tidenes største jonsokbål skaper problem for båtfolk. Bålgutane vil ikkje snakke om saka.

Video Bålrestar til besvær

Natt til laurdag brann verdas høgste jonsokbål i Ålesund, men over 40 meter pallar og tønner brann berre delvis opp før det velta i sjøen. No er drivveden frå bålet blitt eit problem for båtfolket. Bålrestar i form av svidde pallar, fjøler og plankestubbar driv i store mengder i farvatna rundt Ålesund etter rekordbålbrenninga i helga. For båtfolket i byen er rekveden til bekymring.

Harold Olsen

Båteigar Harold Olsen fryktar ei ulykke.

- Det kan jo skje ein katastrofe, det skal ikkje så mykje til for å forårsake ulykker, seier båteigar Harold Olsen.

Les også:

Tidenes bål

Slinningsbålet 2010

Fleire hundre pallar skal ha rausa på sjøen då Slinningsbålet 2010 var i full fyr.

Foto: Karina K. Mauren

For tidenes jonsokbål blei fyrt på på Slinningen i Ålesund fredag. 40 meter og 45 centimeter høgt blei det til slutt. Men fleire hundre pallar rausa på sjøen og låg ei tid midt i skipsleia. No har dei drive med vind og ver i fleire dagar.

- Vi har eit ansvar for å halde farleden framkommeleg, men har ikkje ressursar til å ta slike mengder, seier hamnefogd Birger Flem i Ålesund.

Vil ikkje snakke med NRK

Hamnefogden i Ålesund, Birger Flem

Hamnefogden i Ålesund, Birger Flem håper på ryddehjelp frå bålgutane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Bålgutane, som har hausta mykje ære for tidenes jonsokbål, vil ikkje snakke med NRK. Ifølgje hamnefogden har dei via politiet lovd å vere med på oppryddinga.

- Vi hadde vel eit håp om at dei skulle hjelpe til, seier Flem tysdag ettermiddag.

Fryktar ulykker

Båteigarar i området fryktar at pallane i mellomtida skal føre til ulykker i fjorden. Harold Olsen meiner det er spesielt farleg for folk som ikkje er kjende i området. Båteigar Lars Ranes trur til dømes lenser kunne vore med å sikra bålet.

- Det kunne gjort at ikkje heile Borgundfjorden blei fylt med drit, seier han.