Redningsskøyta Emmy Dyvi har i morgontimane hatt ein stri tørn med å fjerne fleire hundre pallar frå skipsleia rundt Slinningsbålet i Ålesund.
- Dersom båtar treff ein slik palle i høg fart kan det gjere ein god del skade, seier skipper Tom Kausanrød på redningsskøyta.
Les også:
Samla på Nørve
Kausanrød brukte store deler av morgonkvisten laurdag på å prøve å hanskast med pallane.
- Vi fekk først telefon om å slepe pallane inn til bålet igjen, men det klarte vi ikkje. Pallane låg som i ei høysåte, seier han. Løysinga blei å la dei drive med vind og ver.
- No ligg dei fleste i ei klynge rett ved Kystverket sitt hus på Nørve, men nokre ligg igjen i leia. Folk må vere obs, seier han.
Rekordbål
Tidenes største jonsokbål var over 40 meter høgt, men ifølgje politiet har mellom 400 og 500 pallar rausa på sjøen og låg ei stund midt i skipsleia. Operasjonsleiar Trygve Ødegård seier saka ikkje får etterspel for deira del, og at det blir opp til hamnestyresmaktene å eventuelt få bålgutane til å rydde opp.