Med rå handemakt byggjer ungdommane det tradisjonsrike Slinningsbålet i Ålesund.
No får denne videoen av bygginga stor merksemd verda rundt.
På tre dagar er den sett av rundt 6 millionar på Instagram.
Kvifor byggjer nokon eit 36 meter høgt sankthansbål?
Med rå handemakt byggjer ungdommane det tradisjonsrike Slinningsbålet i Ålesund.
No får denne videoen av bygginga stor merksemd verda rundt.
På tre dagar er den sett av rundt 6 millionar på Instagram.
Dagleg leiar i byutviklingsprosjektet Bypatrioten, Trine Klemetsen, la ut videoen og er overvelda over responsen.
- Vi er vant til at bilde og videoar frå Slinningsbålet skaper mykje merksemd. Men dette er ny rekord. Det har tatt heilt av!
No må ho hanke inn dugnadshjelp for å få svart på alle kommentarane.
- Mange synest dette er heilt uforståeleg og lurer på kva dette er. Då må vi forklare så godt som råd at dette er knytt til den årlege feiringa av sankthans.
1. mai kvart år går startskotet for bygginga av årets bål.
Før den tid har dei brukt tida frå mars på å samle pallar som næringslivet donerer til bålgjengen.
Oskar Benoni Hovland Hessen er ein av bålsjefane.
Mellom 7000 og 10 000 trepallar må løftast på plass for å bygge Slinningsbålet i Ålesund.
Bålbygginga i Ålesund er ein del av ein gamal tradisjon.
For ein del tiår tilbake var det konkurranse mellom fleire bydelar om å bygge det høgste sankthansbålet.
No er det berre Slinningsbålet igjen frå denne tradisjonen.
Kvar dag frå mai til sankthans byggjer ungdommane på bålet.
I løpet av byggeperioden er 25-30 ungdommar innom på dugnad. Dei yngste er 11 år, dei eldste i starten av 20-åra.
Slik såg bålet ut i 2016.
Då sette bålgjengen verdsrekord med eit på bål på 47,4 meter.
Men i 2019 blei den slått av ein bålgjeng i Austerrike. Dei klinka til med eit bål på 62 meter.
– Målet er å ta rekorden heim igjen til Ålesund, seier bålsjef Oskar Benoni Hovland Hessen.
Men det blir ikkje i år.
Den vesle videosnutten frå bålbygginga på Instagram er ikkje den einaste internasjonale merksemda bålgjengen får.
Torsdag var eit TV-team frå Tyskland på plass for å gjere opptak til ein dokumentar om bålbygginga.
Seinare kjem det eit TV-team frå Sør-Korea, fortel Hessen.
- Tidlegare i år laga BBC eit innslag frå bålbygginga i eit reiseprogram.
Årets bål er snart ferdig.
Bålgjengen har ambisjonar om at det skal bli rundt 36 meter høgt.
Slik ser bålet ut når det er tent. Dette bildet er frå 2019.
Laurdag 24. juni klokka 21.00 tenner bålsjefane tønnene på toppen.
– Vi ønskjer at flest mogleg skal få det med seg og at vi kan få ta oss ein god fest når det er over.
Difor tenner vi det alltid på den laurdagen som ligg nærast sankthans, fortel Hessen.