Hopp til innhold

Båt med to personar heldt på å gå ned i Storfjorden

SISTE: Dei to personane i havsnaud er berga etter at sjarken heldt på å gå ned mellom Ramstadvika og Vindsnes i Sykkylven.

Ramstadvika

Mellom Ramstadvika og Vindsnes i Storfjorden var to personar i båtnaud.

Ein sjark med to personer melde klokka 18.56 at dei var i naud ved Ramstadvika i Storfjorden. Det bles kraftig i området.

Det vart iverksett ein aksjon der Hovedredningssentralen på Sola vart kopla inn, for å få berga båten og mannskap. Klokka 20.23 seier politiet at båten er under slep og at dei to vil bli bragt på land.

– Det var ei ferje i området som fekk tatt hand om sjarken og dei to om bord, seier Tor Andre Gram Franck. Han er operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Såg båten drive

Svein Hellebostad la merke til sjarken då han skulle ned til kaia for å kike etter sin eigen båt i uveret.

– Eg lurte på kva båten skulle ut på fjorden i dette veret, seier Hellebostad.

Først såg han at sjarken låg lenge stille midt ut på fjorden, før den hadde kurs mot kaia. Deretter køyrde den ut mot fjorden att og vart liggande å drive.

Fleire assisterer

Like før klokka 20 kom bilferja Norangsfjord til staden og politiet seier at ferja har fått kontakt med dei to om bord. Også redningsskøyta og redningshelikopter vart rekvirert.

Er du på staden eller har bilde? Tips oss på mr@nrk.no eller 70 11 52 000.

Saka vert oppdatert.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL