Hopp til innhold

Barnehagejente kan ha blitt E.coli-smitta av foreldra

Barnehagejenta frå Sula på Sunnmøre, som fekk påvist E.coli i starten av november, kan ha fått smitta frå foreldra.

Ålesund sjukehus

Jenta har vore behandla ved Ålesund sjukehus.

Foto: NRK

Mattilsynet har tidlegare fortalt til NRK at veterinærinstituttet har undersøkt prøver frå ei rekke aktuelle matvarer jenta kan ha spist, utan å finne bakterien.

Smittevernlege i Sula, Silje Elisabeth Hagen, trur at dei no veit korleis jenta vart smitta.

– Prøvene av foreldra hennar viser ein svært lik bakterie. Dei har ikkje vore påverka av bakterien, men kan ha smitta jenta vidare, seier Hagen.

Foreldra har bore på bakterien utan å vite om det.

Jenta har det bra

Hagen understrekar at det ofte er vanskeleg å finne smittekjelda i slike saker.

Jenta har no fått kome heim, og det går bedre med ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL