Hopp til innhold

Barnehagejente frå Sula smitta av E.coli

Ei jente i barnehagealder frå Sula er lagt inn på St. Olavs Hospital med alvorleg E.coli-sjukdom. Smittekjelda er ikkje påvist, men Mattilsynet er kopla inn.

St. Olavs Hospital

Barnehagejenta har hatt eit alvorleg sjukdomsgang, men tilstanden skal vere stabil no. Ho er overført til St. Olavs Hospital.

Jenta vart først lagt inn på sjukehuset i Ålesund, der det vart påvist at ho er smitta av ein alvorleg E.coli-variant, skriv smp.no. Denne veka vart barnet overført til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Smittevernlege i Sula, Silje Elisabeth Hagen, seier til Sunnmørsposten at jenta har hatt eit alvorleg sjukdomsforløp, men at tilstanden no er stabil.

Foreldra er varsla

Kommunalsjef i Sula, Anne Grete Skjærseth, seier til NRK at ho vart varsla om saka torsdag kveld. Fredag sende kommunen ut informasjonsskriv til alle barnehagane i kommunen, med råd til foreldra.

– Det er eitt barn som har blitt sjuk, og hadde smitten kome frå barnehagen, trur vi at fleire barn hadde blitt smitta, seier Skjærseth.

LES OGSÅ:

Veit ikkje var smitten kjem frå

Mattilsynet har tatt prøver både i barnehagen, heime hos barnet og andre stader det kan vere tenkeleg at smitten kjem frå. Skjærseth seier at desse prøvesvara truleg vil kome på måndag.

– No er det aller viktigaste å finne ut kvar smitten kjem frå, seier kommunalsjefen.

Intervjuar familien

Distriktssjef i Mattilsynet, Kristin Ness, seier at dei fekk førespurnad frå kommuneoverlegen og Folkehelseinstituttet om å bidra i saka.

– I tillegg til å ta prøver av matvarer, gjennomfører vi også intervju med foreldre, besteforeldre og barnehagetilsette for å finne ut kva barnet har ete, seier Ness.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL