Hopp til innhold

Lerøy trekker tilbake torskefilet

Lerøy Seafood trekker tilbake Prima torskefilet. Det er funne E. coli i produktet

Torskefilet Prima blir trekt frå marknaden etter funn av e.coli

Det er dette produktet som blir trekt frå marknaden.

Foto: Lærøy Seafood

– Dersom dette produktet ikkje blir varmebehandla tilstrekkeleg, kan det utgjere ei helseskade for forbrukar, melder Lerøy.

Produkta som blir trekte tilbake har bruksdato «Best før 03.02.2025». Desse blir trekt tilbake fordi det er funne E. coli i produkta.

Produkta har blitt selt i alle Rema 1000-butikkar i heile landet, og produktet blir fjerna frå butikken.

– Forbrukarar som har produktet, kan levere det tilbake i butikk og få igjen pengane, eller kaste produktet forsvarleg i matavfallet. Vi beklagar ulempa dette medfører, melder Lerøy.

Les også Lerøy: Over 700 listeriafunn i slakteri

Listeria i lab

Villfanga torsk

Lerøy opplyser til NRK at E. coli er funne i villfanga torsk, ikkje i oppdrettstorsk.

Lerøy tar alle spørsmål om matvaretryggleik på høgste alvor. Difor vel vi å gå bredt ut og kalle tilbake heile partiet, skriv Kenneth Aasen som er leiar for kvalitet og ESG i Lerøy i ein e-post til NRK.

Han skriv Lerøy jobbar intenst med å finne kjelda til spreiinga.

På noverande tidspunkt er det for tidleg å konkludere. Me må finne kjelda og sikre at dette ikkje kan skje igjen, seier Aasen.

Kan føre til sjukdom

E. coli-tarminfeksjon er som oftast ufarleg, men kan gi infeksjon som fører til alvorleg sjukdom. Infeksjon kan gi diaré og magesmerter, og i nokre tilfelle blodig diaré, ifølge helsenorge.

Barn treng ikkje ha feber, men kan vere i generelt dårleg form med slappheit, kvalme og dårleg matlyst. Diaréen kan vare i fire til ti dagar hos vaksne og noko lenger hos barn.

Mattilsynet har sagt til NRK at dei ikkje har moglegheit til å stille til intervju i kveld.