Hopp til innhold

Banan Tømmernes matchvinnar for KBK

Kristiansund har slite med skadar i årets vårsesong. Mot Kongsvinger på Idrett var det ein friskmeldt spiss som avgjorde.

Jan Banan Tømmernes

Jan Banan Tømmernes, her frå ein tidlegare kamp for KBK, blei matchvinnar mot Kongsvinger søndag kveld.

Foto: Fridtjof Bjerkås

Kampens einaste scoring kom etter 73 minutt, der Andreas Rødsand og Erlend Sivertsen spelte seg imellom, før førstnemnde slo inn. Frå kort hald banka Jan Banan Tømmernes ballen i mål.

Kristiansund har slite med skadar i vår, der både Jean Alassane Mendy og Tømmernes har vore skadde angrepsspelarar. Etter retur frå skade har begge notert seg for scoringar.

Mot Kongsvinger blei Tømmernes si scoring den einaste i kampen, og KBK vann 1-0 på heimebane.

Sigeren gjorde at Kristiansund klatra éin plass på tabellen og opp på 17 poeng.

– Aldri vore utspelt

Etter 11 serierundar har KBK 11 baklengs. Det er ikkje dårleg, meiner Kjetil Thorsen.

– Vi har prestert litt som venta så langt. Vi har vore rimeleg solide og sloppe inn få mål, seier den daglege leiaren i KBK.

Det har blitt to tap på heimebane, men tre sigrar etter søndagens kamp.

– Som nyopprykka har vi gjort det bra, og eg føler vi aldri har vore utspelt. Vi har teke nivået og heng godt med, meiner Thorsen.

– I dag mot Kongsvinger vippa det i vår favør, heldigvis.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL