Hopp til innhold

Bakke håper på pusterom før ferien

Midt på tabellen etter 10 kampar, og varierande heimeform. No håper Kristiansund å gjere eit byks for å få ekstra pusterom inn ferien.

Geir Bakke

KBK-trenar Geir Bakke håper på god poengfangst før pausen etter halvspelt sesong. Då kunne haustsesongen blitt utan spesielt press, trur han.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Vi møter eit lag som er jamgode med oss, men vi er på heimebane og har ein klar ambisjon om tre poeng, seier KBK-trenar Geir Bakke.

Motstandar for laget frå Nordmøre er Kongsvinger. Laget er eitt poeng fattigare enn Kristiansund, med 13 poeng på 10. plass. KBK ligg på 8. plass med 14.

– Bortestatistikken vår er kjempegod med tanke på at vi spelar på nivået for første gong. Vi føler derimot at vi ikkje har fått ut det beste i ein del heimekampar, fortel Bakke.

Kristiansund står med to sigrar, to tap og éin uavgjort på heimearenaen Idrett. Statistikken er den same borte.

– Vi lærer litt for kvar kamp og har veldige ambisjonar om å gå offensivt til verks mot Kongsvinger.

KBK-Hødd

Hødd var hakket vassare på Idrett i Kristiansund 22. mai. Laget frå Ulsteinvik vann 1-0 og påførte KBK deira andre heimetap for året.

Foto: Roar Halten / NRK

Lite skademareritt er over

Kristiansund opna 1. divisjon med ein stor og fyldig tropp, men tidleg blei det fleire skadar. Spesielt angrepet fekk lide, då både Jan Banan Tømmernes Jean Alassane Mendy blei skadde.

– Hjelpes, vi har hatt såpass mange skadde at eg ikkje kan nemne alle ein gong. No er vi glade for at folk er tilbake, og glade for at dei som har spelt mykje kan ta ein pust i bakken. Vi har full tropp igjen no, seier ein fornøgd KBK-trenar til NRK.

Bakke meiner treningskvardagen blir langt betre når alle er med.

– Etter ein kaotisk mai månad byrjar ting å kome på stell igjen. Vi ser positivt på tida framover, ikkje minst på kampane før ferien.

– Eitt lag for mykje ned

Akkurat no ligg KBK midt mellom topp og botn. Det er sju poeng ned til Follo på 13.-plassen, den siste nedrykksplassen. Det er ikkje meir enn to poeng opp til 6.-plassen, den siste kvalikplassen.

– Vi må konsentrere oss om neste kamp, uansett kor kjedeleg det høyrest ut. Dei siste åra har ein sett at 35 poeng kanskje er naudsynt for å halde seg, for det er fire lag som rykkjer ned. Det er eitt lag for mykje etter mitt syn.

Bakke meiner spriket mellom tredje siste og fjerde siste er stort.

– Vi må sjølvsagt ha fokus på å halde plassen, men med siger mot Kongsvinger og eit godt resultat borte mot Strømmen i neste runde, så kan vi sleppe skuldrene og puste.

– Då hadde vi nærma oss 20 poeng i god tid før ferien, seier Bakke.

Geir Bakke

Geir Bakke er glad for å endeleg ha relativt full og skadefri tropp igjen.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Bite oppover

Og med grei poengfangst i dei fem kampane før ferien, kan KBK plutseleg blande seg inn i toppen.

– Då hadde det sett lovande ut, og vi kunne då kanskje bite i det framfor og tenkje litt annleis.

– Gutta kunne tatt skikkeleg ferie?

– Det kunne dei, men spesielt hadde det gjort noko med inngangen mot hausten. Ikkje berre hadde skuldrene vore låge, men pågangsmotet for å gå «all in» i kvar kamp hadde vore meir til stades, trur Bakke.

For konsekvensane av å risikere litt er mindre når avstanden til nedrykksplassane er større.

– Då kunne vi kanskje tenkt topp seks og fått ein happening i Kristiansund etter sesongen, seier Bakke, før han avsluttar:

– Men fokuset no er det som skal skje mot Kongsvinger!

Tor Erik Torske avgjer mot Sandefjord

Tor Erik Torske er toppscorar i Kristiansund akkurat no. Med, spesielt, spiss Jean Alassane Mendy tilbake kan Torske bli raskt dytta ned på andreplass.

Foto: Roar Halten / NRK