Turistar er sjokkerte over at denne utsikta kostar 100 kroner

For å sjå den ikoniske utsikta over Ålesund må turistane betale inngangspengar. – Det er skuffande. Vi kallar dette å loppe folk, seier cruiseturist Graham Mackay.

Folk på utkikspunktet på Fjellstua i Ålesund

Turistar må betale 100 kroner for å komme inn på denne terrassen på Fjellstua i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Alle er sjokkerte. Det er ufatteleg. I England hadde ikkje dette vore mogleg, seier Graham Mackay frå Storbritannia.

To enorme cruiseskip med plass til 8000 passasjerar ligg til kai i Ålesund onsdag. Hovudattraksjonen i byen er utkikspunktet på byfjellet Aksla. Den beste utsikta er på terrassen til restauranten Fjellstua, men for å komme inn hit kostar det 100 kroner.

Mackay trudde først at betalinga var ein spøk og ein form for skjult kamera. Han nektar å betale og står difor på parkeringsplassen utanfor, saman med mange andre.

Graham Mackay

Graham Mackay vil ikkje betale for å sjå utsikta. Han synest det er meiningslaust at terassen er heilt tom, medan området er fullt av folk som synest det er for dyrt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Terrassen er tom

Briten fortel at cruiseturistane vart anbefalt å gå trappene til Fjellstua, men dei fekk ingen informasjon om at det kosta 100 kroner for å kome inn på terrassen til den ikoniske utsikta.

Terrassen er så å seie tom når Mackay og resten av familien er her, men området rundt er fullt av folk. Mackay meiner at eigarane av Fjellstua ikkje ynskjer at folk skal kome når dei set prisane så høgt.

Det er firmaet Brødrene Jangaard AS som eig terrassen. Dei seier at det var naudsynt å auke prisen frå 15 til 100 kroner, på grunn av vedlikehald og drift. Målet på sikt er å oppgradere og bygge om Fjellstua.

– Vi har fått positive tilbakemeldingar på betalingssystemet, seier eigedomssjef, Stein Erik Fremo.

De fryktar ikkje at turistane let vere å komme på grunn av høg pris?

– Nei, dette kjem til å gå veldig fint, seier Fremo.

Turistar går trappene opp til Fjellstua i Ålesund

Dei 418 trappetrinna opp til Fjellstua er ein stor turistmagnet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Bussane droppa Fjellstua

Vanlegvis går bussane i skytteltrafikk frå cruiseskipa til Fjellstua, men i dag er det annleis, ifylge Bente Saxon. Ho er cruiseansvarleg i Visit Ålesund og seier at på grunn av den ekstra kostnaden for terasseutsikta, valde cruiseskipet Britannia i dag å berre køyre opp to bussar i staden for 11.

– Når dei ikkje vil betale for inngangen, får ikkje passasjerane den gode utsikta og frykten er at dei får ei dårleg oppleving , seier Saxon.

Ho håper at flest mogleg vil betale etter kvart, når ein ser at området blir oppgradert og kan bli løfta opp til å bli ein luksuriøs stad.

Inngang på Fjellstua i Ålesund

Denne plakaten heng utanfor terassen på Fjellstua.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Forkasteleg

Heller ikkje ekteparet Michael og Jill Flowers visste at dei må betale ekstra for å kome inn på terrassen. Dei trudde det var inkludert i prisen på billetane dei har kjøpt på bytoget.

– Det er forkasteleg. Det er altfor dyrt, seier Jill Flowers.

På Aksla har Graham Mackay tatt dei obligatoriske bileta med utsikt over Ålesund, frå ein litt dårlegare vinkel.

– Det er hundrevis av folk her, men terrassen er tom. Dette er ein dårleg forretningsplan, seier Mackay.

Terassen til Fjellstua i Ålesund

Terassen var tom onsdag morgon.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK