Hopp til innhold

Både far og dotter vann over seg sjølv

Ho trudde ikkje ho skulle greie det. Men i går fullførte ho Birkebeinerrittet på tandemsykkel.

Mari Otterlei, Birkebeinerrittet

Det var ingen sjølvsagt ting at familien Otterlei skulle kunne sykle Birkebeinerrittet. I går gjorde dei det. 18-åringen Mari i midten, saman med faren Kjell Harald og mora Berit.

Foto: Privat

18-åringen Mari Otterlei er fødd med Prader-Willis syndrom. Ho har slapp muskulatur og utviklingshemming. I går fullførte ho Birkebeinerrittet på åtte og ein halv time.

Ho sykla tandem saman med faren Kjell Harald. Mora Berit sykla bak.

Mari Otterlei, Birkebeinerrittet

Mari Otterlei er fødd med Prader-Willis syndrom. Men ingen ting ser ut til å hindre henne i jobbinga etter å nå stadig nye mål.

Foto: Privat

Ein stor siger også for faren

Faren har sykla Birken ti gonger. Han har vore med og arrangert bussturar for syklistar frå Ålesund og Sula. Men i fjor hadde han eit stygt fall. Han tryna rett i grusen. Han vart sendt til sjukehus med hjernerysting og sårskadar.

På ein ferietur til Gran Canaria to månader seinare fekk han hjernebløding, ganske sikkert på grunn av fallet i Birken.

Trente seg opp att

– Det var veldig dramatisk. Han vart operert på Gran Canaria. Etter kvart kom han seg til hektene og fekk trent seg opp att, seier kona Berit Nesseth Otterlei.

Ho er imponert over at både dottera og mannen klarte å fullføre rittet. Det var ingen sjølvsagt ting for nokre få månader sidan.

Mari Otterlei, Birkebeinerrittet

Familien Otterlei fullførte Birkebeinerrittet på åtte og ein halv time.

Foto: Privat

Trudde toppen var nådd

– Mari har eit sjeldan syndrom. Ho var med på Varden opp i Sula. Då trudde vi kanskje toppen var nådd. Men så sa ho at ho ville sykle Birkebeinerrittet.

– Vi såg på kvarandre, og sa: Hjelp!

Men så byrja dei å trene målbevisst på tandemsykkel.

– Vi har trent i fire år. Laurdag nådde ho målet på Lillehammer. Det var kjempestas å kome i mål.

Berith Nesset Otterlei seier ho er utruleg stolt av dottera si.

Skal dette gjentakast?

Haha. Vi har vore kloke, og ikkje spurt henne kva som er neste mål!

Les også: Kom i superform då han skulle hjelpe barnebarnet