Hopp til innhold

Kom i superform då han skulle hjelpe barnebarnet med trening

Det gjekk ikkje heilt etter planen då Lars Erik Nesseth (67) bestemte seg for å følgje barnebarnet Mari på trening.

To til topps

Lars Erik Nesseth (t.v.) med barnebarnet Mari Otterlei då dei etter mykje trening klarte å ta seg opp på Vardane i Sula. Det var ein enorm siger for begge.

Foto: privat

Morfaren til Mari Otterlei (17) frå Langevåg i Sula, Lars Erik Nesseth, hadde neppe tenkt at også han skulle kome i superform. Då han bestemte seg for å følgje barnebarnet til treningssenteret ein gong i veka, var det for å støtte og motivere henne.

– Ho blånektar og seier det ikkje er hennar skuld at eg har blitt så sprek, men det er det, ler Nesseth.

Skulle vere motivator for barnebarnet

Berit Nesseth Otterlei (t.v.) og Mari Otterlei

Berit Nesseth Otterlei (t.v.) og Mari Otterlei har vore på mange turar saman. Mora seier dottera har fått heile familien til å bli sprekare.

Foto: privat

17-åringen har den sjeldne sjukdommen Prader-Willis syndrom, som gjer at fysisk aktivitet er ekstra viktig. Ho trenar difor regelmessig, og hadde bruk for bestefaren som motivator.

Men etter kort tid begynte han som aldri før hadde vore på eit treningsstudio å gjere øvingane, saman med henne, i staden for å berre stå og sjå på.

– Eg såg jo at det auka motivasjonen hennar, då var jo poenget for henne å vere betre enn meg. Så eg kjøpte meg eit treningskort, eg også, seier Lars Erik Nesseth.

Dobla treningsinnsatsen

Etter kort tid gjekk talet på treningstimar frå ein til to i veka, og i tillegg begynte morfaren å sykle, som mange andre i den aktive familien. Og no planlegg han sitt femte Birken i slutten av august.

– Eg hadde ikkje begynt å trene slik, om det ikkje var for Mari. Eg treng også motivasjon, seier den pensjonerte læraren og småbrukaren.

Fekk hjelp frå morfaren då kommunen sa nei

Berit Nesseth Otterlei (t.v.) og Mari Otterlei

Berit Nesseth Otterlei (t.v.) med dottera Mari Otterei. På bloggen sin skriv ho for fantastisk det var då morfaren stilte opp.

Foto: privat

Mor til Mari, Berit Nesseth Otterlei (43), skriv på bloggen sin om kva det betydde for familien at faren hennar steppa inn, då kommunen ikkje lenger hadde økonomi til å følgje dottera til den viktige treninga.

– Det var heilt fantastisk. Det var ei kjempestor lette for oss, og vi er utruleg glade for hjelpa, seier ho.

Har fått familien ut på tur

Berit Nesseth Otterlei

Berit Nesseth Otterlei seier at det å få barn med funksjonshemmingar også gir mange positive ringverknader i ein familie.

Foto: privat

På bloggen skriv helsesystera at mange fokuserer på kor mykje negativt som følgjer med ein funksjonshemma barn. Hennar erfaring er at det også gir mange positive ringverknader.

– Vi har vore mykje meir fysisk aktive, vore på mange, mange, mange fleire fjellturar enn vi hadde utan henne, seier ho.

– Og så knyter det familien meir saman. Vi må snakke om ting som er vanskeleg, seier ho.

Håper å få Mari med på Birken

Etter å ha vore treningskameratar i årevis, har det blitt mindre av det i det siste. 17-åringen syns no bestefaren har blitt litt for gamal, men begge to trenar ivrig på kvar sin kant. Og neste sommar er målet at dei igjen skal trene saman – denne gongen til Birken. Planen er at faren og Mari skal sykle tandem, med bestefar som ivrig supporter.

– Mari seier ho vil sykle Birken neste år på tandem, og då må eg sjølvsagt vere med. Dersom ho har bestemt seg, så blir det nok slik, seier han.