Festivalleiar for Storbandfestivalen, Sølvi Lynghjem, vil ha ei slik ordning.
Ålesund har eit rikt kulturelt program om sommaren, og Lynghjem meiner at teltet kan brukast av fleire.
Ifølgje Tonning er grundig planlegging avgjerande for for å få til ei slik ordning.
Ålesund Strorband arrangerte den tredje Storbandfestivalen i Ålesund i helga. For første gong blei festivalen i år flytta ut av sentrum og inn i Sunnmørshallen, fordi leige av telt i sentrum blei for dyrt.
Trass i at arrangørane også i år gjekk i pluss, merka dei at festivalen ikkje lenger var lagt til bysentrum.
No etterlyser Tonning kommunikasjon mellom dei ulike aktørane i byen, for å finne ut om eit fast telt i sentrum kan vere ei løysing for Ålesund om sommaren.