Hopp til innhold

Slik skal forskarane kartlegge livet i fjøresteinane

Ikkje eit einaste tareblad skal sleppe unna dei avanserte dronane som i framtida skal ta over miljøovervakinga av kysten vår. – Banebrytande, seier Bellona.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bølgeskvulp blandar seg med den hissige lyden av dronar. På sandstranda ved Runde Miljøsenter på sunnmørskysten har forskarar vore samla for å «leike» seg med det nyaste innan droneteknologi.

Målet er å kunne kartlegge den norske fjøra ned til minste detalj. Det har aldri før blitt gjort.

– Livet på grunt vatn, frå ca. 10 meter djupne og inn og opp på land, er som ein kvit flekk på kartet. Det seier Kasper Hancke som leiar droneprosjektet som har fått namnet Seabee.

Kasper Hancke er seniorforskar i NIVA og proskektleiar for Seabee.

Kasper Hancke er seniorforskar i NIVA og leiar for droneprosjektet Seabee.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Fjøra er avgjerande for havet

Tang- og tareskogane er barnehagen for fisk og andre dyr, seier Hancke. Livet i kystsona er heilt avgjerande for livet i resten av havet.

I dag blir kartlegginga av kysten gjort ved bruk av båt, vassing i fjøra eller ved hjelp av satellittar som tar bilde frå verdsrommet. Dette er svært tidkrevjande og satellittbilde har sine klare avgrensingar, forklarar forskaren.

– Med hjelp av luftdroner, overflatedroner og undervassdroner er vi i stand til å kartlegge ulike naturtypar med ein detaljgrad og eit overblikk som vi ikkje har i dag, seier han.

Dronebilde over Runde i Herøy. Tatt av droner frå Seabee/NIVA.

Dronane får god oversikt over livet i fjøra. Her er eit bilde frå ei drone ved Runde i Herøy.

Foto: Seabee/NIVA

Nytt fokus på dronar

Den siste tida vore har dronar vore fokus fordi styresmaktene er redde for at teknologien kan misbrukast til å spionere. Fleire russarar er tatt for ulovleg dronebruk. Fleire har tatt til orde for droneforbod.

Hancke seier diskusjonen rundt dronebruk ikkje har fått noko å seie for Seabee-prosjektet til no.

– Vi følgjer reglane som til ei kvar tid gjeld og den nye sikkerheitssituasjonen i landet har ikkje fått noko å seie for forskinga vår langs kysten. Dette prosjektet er for viktig til å bli stoppa!

Utvikler dronebasert kystovervåkning

Ei overvakingsdrone er klar til å ta av på stranda ved Runde Miljøsenter i Herøy. Dronepilot Medyan Ghareeb frå NIVA.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Lærer dronane å tolke naturen

På sandstranda ved Runde tar forskarane på seg vasstette klede og støvlar og vassar ut i sjøen. Med seg tilbake på land har dei fleire ulike typar tang.

Kvart eksemplar blir nøye studert og registrert – målet er å lære dronane å kjenne igjen kva dei filmar.

Hege Gundersen og Kasper Hancke i Seabee registrerer tang og tare for å lære dronene å automatisk kjenne igjen ulike artar.

Hege Gundersen og Kasper Hancke i Seabee registrerer tang og tare for å lære dronane å automatisk kjenne igjen ulike artar.

Foto: Hans Olav landsverk / NRK

Når det mødesame arbeidet med å lære dronane å kjenne igjen til dømes tangartar, fiskar, ålegras og mange andre viktige dyr og plantar er ferdig, så vil det gjere overvakinga meir automatisert. Då er det er mogleg for forskarane å følgje med på endringar i kystsona over tid.

– Banebrytande

Mari Vold Bjordal i miljøstiftinga Bellona kallar dette for banebrytande arbeid.

Mari Vold Bjordal, rådgiver i Bellona

Mari Vold Bjordal, havbruksrådgivar i Bellona

Foto: Ingrid Kristensen Hauge/Bellona

– Dette opnar opp for ein heilt ny måte å samle inn informasjon på og kartlegge den blå skogen som vi har langs kysten vår, seier ho.

Noreg har verdas nest lengste kyststripe. Bjordal kallar norskekysten unik i verdssamanheng på grunn av alle artane av plantar og dyr som finst der.

– Dette har vi eit spesielt ansvar for å ta vare på, meiner Bjordal.

Forskarar i Seabee samlar inn tang og tare for å lære dronene å automatisk kjenne igjen ulike artar.

Forskarane samlar inn blant anna tang og tare frå kysten ved Runde og registrerer den slik at dronane seinare kan kjenne igjen dei ulike artane.

Foto: Hans Olav Landsverk

– Aukande press mot kysten

Forskarane skal jobbe med å utvikle droneverktøya fram til 2025. Deretter er det meininga at ulike etatar og forskingsmiljø skal kunne nytte seg av metodane frå Seabee-prosjektet.

Presset mot kystsona blir stadig hardare og kjem frå alle kantar, både frå utbyggingar på land og i sjøen og frå klimaendringar, seier Hancke.

Det vi veit om havet i dag er heilt overflatisk. Livet i havet er eit utruleg komplekst system, som vi treng å forstå betre og ha betre overblikk over.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL