Hopp til innhold

Averøy droppa bonus og innførte langvakter

Over halvparten av norske kommunar lokkar til seg sjukepleiarar med bonusordningar. Averøy valde å heller endre turnusen, med stor suksess.

Aina Iren Tvestad og pasient Kåre på langvakt

Aina Iren Tvestad tar blodprøve av Kåre Hjertvik.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Klokka er 08:00 og sjukepleiar Aina Iren Tvestad har ein lang dag framfor seg.

Dei neste tolv timane skal ho reise rundt på Averøya med medisinar, ta blodprøver og hjelpe dei eldre.

– Eg trudde at det å vere borte frå familien slik som dette skulle velte heile lasset, men det gjer ikkje det. Eg har såpass mykje fritid, seier firebarnsmora.

Det er eitt år sidan øykommunen Averøy på Nordmøre innførte langvakter i heimesjukepleia. For dei som jobbar i denne turnusen betyr det fleire fridagar. På 12 veker får dei 16 ekstra fridagar i full stilling.

Hege Lin Stemland

Hege Lin Stemland er fornøgd med at sjukefråveret har gått ned og at fleire søkjer på ledige stillingar enn før.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sjukefråveret blei halvert

– Tidlegare gjekk folk heim med dårleg samvit fordi dei ikkje rakk alt dei skulle gjere på vakta og måtte overlate resten til kveldsvakta. No kan dei planlegge på ein annan måte, seier fagleiar i heimesjukepleia, Hege Lin Stemland.

Den nye turnusen har ført til at sjukefråveret er meir enn halvert, frå 17 prosent til 7 prosent.

I tillegg har søkjarar til ledige sjukepleiarstillingar mangedobla seg.

– Vi lyste akkurat ut ei stilling, og vi fekk elleve søkjarar. Det er heilt utruleg, sett ut ifrå korleis søkarmassen har vore dei siste åra, seier Stemland.

Tidlegare brukte Averøy kommune bonusar for å lokke til seg helsepersonell, men det har dei slutta med.

70 prosent gir bonusar

Kristiansund er nabokommunen til Averøy. Her gir dei bonusar for å få bemanningkabalen til å gå opp.

Ei ekstra helgevakt i ein ferie gir 7500 kroner i bonus for ein sjukepleiar. Likevel slit dei med rekrutteringa.

– Litt for ofte får vi ikkje kvalifiserte søkjarar i det heile tatt. Vi må bli betre i konkurransen om arbeidskrafta, seier Siv Iren Stormo Andersson. Ho er kommunalsjef i Kristiansund for helse og omosrg.

Ei ny undersøking NRK har gjort viser at nær 70 prosent av norske kommunar som svarte, har ulike økonomiske bonusordningar for å tiltrekke seg sjukepleiarar.

Halvparten har liknande ordningar for å tiltrekke seg fastlegar.

For stor arbeidsbelastning

Heidi Gautun

Heidi Gautun er forskar ved forskningsinstituttet NOVA. Ho ser at den største utfordringa er den høge arbeidsbelastninga blant helsepersonell. For å få dei til å bli verande i jobben, må den ned.

Foto: NOVA / StudioVest

Hovudproblemet på sjukeheimar og heimesjukepleia er stor arbeidsbelastning. Mange ynskjer å slutte og det er vanskeleg å rekruttere, ifylgje forskar ved NOVA ved Oslo Met, Heidi Gautun.

– Det finst ingen systematiske undersøkingar på kva effekt bonusar har, men ein ser at gode arbeidsvilkår går framfor løn. Rykta går blant helsepersonell på kvar dei gode arbeidsplassane er, seier Gautun.

Gautun synest det er bra at Averøy har hatt suksess med sine langvakter, men understrekar at ikkje alle kommunar har like gode erfaringar med turnusomlegging.

Forskaren trur det aller viktigaste grepet for å sikre rekrutteringa er å bemanne opp, slik at ein reduserer arbeidsbelastninga og dermed ikkje skremmer bort folk.

Les også Her får sykepleierne 100.000 kroner i bonus: – Jeg tjener mye bedre enn vennene mine sørpå

Sykepleier Susanna bjørkås- Olsen vaksinerer befolkningen i Lebesby

Vil ikkje tilbake

I Averøy har Aina Iren Tvestad lagt seg til rette i den blå sofaen på kvilerommet. Midt på dag har ho ein og ein halv times pause før ho skal ut på hjul igjen til nye pasientar.

Ho var først skeptisk til 12 timars vakter, men oppdaga at ho ikkje blir meir sliten enn ho er på ei vanleg vakt.

– Når har eg først har prøvd langvakt vil eg ikkje tilbake, seier Tvestad.

Aina Iren Tvestad i heimesjukepleia i Averøy har pause saman med kollega. Dei ligg i kvar sin sofa

Aina Iren Tvestad og kollega Lise Anett Kjøl har ein og ein halv time med pause midt i vakta. Då brukar dei å kvile på sofaen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Les også Vil lokke fastlegar med 400.000 kroner i bonus – framtidas legar er skeptiske

Ein person med skjegg sit i ein stol med to-tre knappar kneppa opp. Ein lege held eit stetoskop til brystet. Vi ser korkje av dei sitt andlet. I bakgrunnen, ute av fokus, ser vi stolar og utstyr som høyrer til på eit legekontor.