Hopp til innhold

Vil stoppe julebordsyndarane

Politiet tek forholdsreglar og konsentrerer seg spesielt om promillekontrollar no i julebordsmånaden.

Promillekontroll

Politiet varslar at dei vil ha eit ekstra fokus på promillekontrollar i desember.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Månaden vi er inne i er tida for julebord og andre fester, og slike selskap involverer gjerne alkohol, og for mange eit høgare alkoholinntak enn resten av året.

Rundt 10 prosent av dei som blir tatt i kontroll dagen deretter har ei alkoholpromille på mellom 0,2 og 0,5, og mange av dei er ikkje klar over at de framleis er påverka, ifølgje Folkehelseinstituttet.

– Vi er inne i ei periode der det er sesong for julebord. Det kan mellom anna vere vanskeleg å få taxi og dårleg vêr, og mange kan bli freista til å ta enkle løysingar og vel å sette seg bak rattet, seier distriktssjef i UP, Per Einar Hollum.

Førebyggande

UP sjef i Trøndelag, Per Einar Hollum

Distriktssjef i UP, Per Einar Hollum, seier dei håpar auka promillekontrollar vil verke førebyggande.

Foto: Lars Erik Skjærseth

Politiet varslar at dei vil ha eit ekstra fokus på promillekontrollar i desember. Hollum seier dei håpar det vil verke førebyggande.

– Vi håpar at ved å gå ut og informera om at vi aukar talet på promillekontrollar, og bilistane ser oss langs vegane, så kan det vere med å førebygge at folk faktisk setter seg bak rattet når dei er påverka. seier han.

Måndag morgon var politiet ute og kontrollerte bilførar blant anna i Ulsteinvik.

Laster Twitter-innhold

Sjekk alkoholinnhaldet i ulike drikkevarer

Volum % alkohol

Innhold per glass (serveringsenhet)

Alkohol per glass (serveringsenhet)

Juleøl, sterkøl

5,5 - 9,9

33 cl (3,3 dl)

14,5 - 26, 1

Øl, pils

4,5

35-50 cl

12,6-18 g

Lettøl

2,5

35 cl

7 g

Rødvin, hvitvin (svakvin)

7-15

12 cl

6,7 - 14,4 g

Hetvin (sterkvin)

15-22

7,5 cl

9-13, 2 g

Likør

15-60

4 cl

4,8-19,2 g

Brennevin, gin, vodka, whiskey

37,5-43

4 cl

12,0-13,8

Slik påverkar alkohol kroppen din

0,2 promille:

Augets evne til å fokusere hurtig og omstille seg frå lys til mørke blir redusert. Promillegrensa for å køyre bil er 0,2.

0,5 promille:

Litt «pussa». Evna til å oppfatte situasjonen og reagere presist på den byrjar å bli redusert.

0,8 promille:

Nedsett koordinasjonsevne og auka reaksjonstid.

1,0 promille:

Merksemda og konsentrasjonsevna er svekka, byrjar å bli trøytt, nedsett balanse og rørsleevne.

1,5 promille:

Bevegelsen nedsett, sløret tale.

2,0 promille:

Forgiftingssymptom. Ingen sjølvkontroll.

3,0 promille:

Ingen kontroll med urinblæra, fare for sanseløyse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL