Hopp til innhold

Askeangst i næringslivet

Følgjene av askeskya er i ferd med å bli store. Næringslivet kan tape pengar og kontraktar. Og dei må også finne nye måtar å arbeide på. Rolls-Royce vurderer no dei langsiktige følgjene av asken frå Island.

Videokonferanse Rolls Royce
Foto: Torild Øvrelid / NRK

I Rolls-Royce Marine har dei alt vore nøydde til å legge om planane for møte i konsernleiinga. Til møtet skulle det kome fleire personar frå Singapore. Møtet er lagt om. No blir det videokonferanse i staden.

Oddbjørn Eliassen

Oddbjørn Eliassen er administrerande direktør i Rolls Royce Marine.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

- Ja, i mailboksa mi i dag tidleg kom det opp at konsernleiingsmøtet i Oslo må haldast på video i staden. Det skulle kome fire mann frå Singapore til Oslo. Vi skulle møtast ansikt til ansikt. No er dette omgjort til å bli eit reint videomøte, seier administrerande direktør Oddbjørn Eliassen ved Rolls-Royce Marine.

Europas flyplasser åpner gradvis

Kulturminne dekt av oske

Fryktar asketap

Stans i flytrafikken på grunn av oskeskya frå Island kan få store føljer for skipsindustrien. Administrerande direktør Oddbjørn Eliassen ved Rolls-Royce Marine seier dei fort kan miste kundar når dei ikkje kan levere til avtalt tid. Han trur likevel ikkje dei får krav om erstatning, så lenge forseinkingane skuldast vulkanutbrotet.

- Vi har folk og avdelingar rundt om i heile verda, og vi vonar vi får avhjelpe situasjonen med det. Men der vi ikkje er på plass kan oppdragsgjevarane gå til konkurrentane, seier Eliassen. Då tapar vi ordrar. Vi har ein del utstyr liggande ute på verfta omkring i heile verda. Men mykje utstyr er spesialutstyr som blir produsert i Skandinavia. Og dette utstyret må kome direkte frå fabrikkane her, seier han.

Nesten normalt på Værnes

Fly og helikoptre på bakken igjen

Luftrommet over Norge åpent i natt

Askesure kundar

Dermed kan det oppstå situasjonar der utstyr ikkje blir levert til rett tid. Og no set næringslivet i gang ei vurdering for å sjå på om noko på endrast på lengre sikt.

- Klarer vi ikkje å halde avtalar får vi sure kundar. Vi må også begynne å tenke oss om og sjå på om risikoen i framtida er så stor at vi må sjå på kvar produksjonen går føre seg. Dette kan få langsiktige følgjer. Vi må setje oss ned og verkeleg vurdere kva vi skal gjere om dette dreg ut i tid, seier Eliassen.