Hopp til innhold

Kulturminne dekt av oske

Ingen veit korleis det går med friluftsmuseet som ligg like ved Eyjafallajökull.

Gårder i nærheten av vulkanen på Island

Gardar som ligg nært vulkanen har vorte evakuerte.

Foto: HO / REUTERS

Skógar Museum på Island er no heilt dekt av aske frå vulkanen under Eyjafallajökull. Friluftsmuseet har ei av dei viktigaste samlingane av hus og historiske gjenstandar på Island.

Den 89 år gamle grunnleggaren av museet, Thordur Tómasson, seier han har hatt vonde dagar, men at dei ikkje gjev opp håpet om å vende tilbake og rydde opp.

– Eg lever i godt håp på alle område, dei siste dagane har vore dei verste i livet mitt. Vi bur så tett ved den store vulkanen. Og ingen veit kor lenge det vil stå på, det kan vare heile sommaren, og det kan vere slutt neste dag, det veit ingen, fortel Tomasson.

Uviss skjebne

Skógar Museum er evakuert, vegen inn dit er stengt og verken Thordur Tómasson eller islandske antikvariske styresmakter veit kva oska og smeltevannet har gjort med området.

Thordur Tómasson kan difor ikkje gjere anna enn å vente til oska har lagt seg, og vulkanen roa ned seg før han veit om det er mogleg å opne det populære museet til årets sommarsesong.

Vulkansk aske på Island

Eit tjukt lag med oske frå vulkanen Eyjafallajökull dekkjer bakken.

Foto: Brynjar Gauti / AP

Det er uansett ikkje tvil om at det vil ta tid å rydde opp.

– Alt er dekt med oske, oske og oske. Eit lag på to-tre centimeter. Det er eit kjempearbeid å reinse, seier Tómasson.

Viktig samling

Det var Tómasson sjølv som fekk opna friluftsmuseet i 1949, basert på si eiga samling av hus og gjenstandar. Her finst det også ei rekkje arkeologiske kulturminne, som viser korleis dei første islendingane klorte seg fast i landet av eld og is.

89-åringen har framleis ikkje slutta å samle inn ting som kan vise korleis islendingane har bygd, budd, fiska og drive landbruk gjennom tidene.

– Det er av stor verdi for samfunnet. I fjor hadde vi 45.000 gjestar, men kor mange det vert til sommaren veit ingen, seier Thordur Tómasson.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska