Hopp til innhold

Dette er årets romsdaling

Noregs siste fiskarbonde vart overraska då han fekk heiderstittelen.

Asbjørn Skutholm (71) lever eit nøysomt liv på ein veglaus holme ved Hustadvika. Han steller gammalt kulturlandskap slik det har vore gjort i fleire hundre år lags kysten. Han har særleg omsorg for fuglelivet og den sjeldne slåttemarka.

Sjå dokumentaren «Asbjørn på Skutholmen» her.

Asbjørn på Skutholmen

Asbjørn slår, sjølv om sørvesten herjar.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Årets romsdaling blei kjend for over 700 000 tv-sjåarar då «Asbjørn på Skutholmen» blei sendt på NRK1 i slutten av januar i år.

Dokumentaren viser korleis den siste fiskarbonden i landet lever livet sitt.

Han gjer alt på gamlemåten, slik det har vore vanleg langs heile kysten. Det er utfordrande å halde alt i gang utan å bruke moderne hjelpemiddel, men han er bestemt på å halde fram med å slå graset med ljå og å ro færingen på fiske ut på den berykta Hustadvika.

Ror til nyttårsmiddag

Vêret bestemmer når han kan få gjort arbeidet sitt. Og også i dag er det skikkeleg ruskevêr på Skutholmen. Over ei skurra telefonlinje fortel fiskarbonden at det er lite som minner om vinter i Hustadvika denne nyttårsaftan-morgonen. Men regnvêret er han vande med, så han skal nok kome seg over på fastlandet til middag saman med søstera si i år også.

– Korleis er det å bli kåra til årets romsdaling?

– Det va artig. Eg vart veldig glad då eg fekk vite det.

Skutholm er i godt selskap. I 2006 fekk Kjell Inge Røkke prisen, og i fjor var Magne Hoseth årets romsdaling.

Artikkelen held fram under bildet ...

Asbjørn på Skutholmen

Asbjørn Skutholm lever eit liv som er ukjent for mange nordmenn. På ein holme i Hustadvika gjer han alt på gamlemåten.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Henger prisen i stova

Årets romsdaling er kåra av lokalavisa Romsdals Budstikke, og Skutholm fekk over 300 stemmer frå lesarane deira. Tysdag reiste avisa ut til holmen for å overrekke prisen. Eit måleri av kunstnaren Arne Nøst som viser fiskarbonden i robåten sin.

Det lover han å ramme inn og henge opp på stova si.

Per Jarle Heggdalsvik

Fotograf og programskapar, Per Jarle Heggdalsvik.

Foto: NRK

NRK-fotografen Per Jarle Heggdalsvik er den som står bak den imponerande naturdokumentaren om Asbjørn Skutholm. Heggdalsvik har enorm respekt for fiskarbonden.

– Det var kjempeartig at han fekk prisen. Asbjørn er ein heidersmann, seier fotografen.

– Asbjørn er ein «stayer»

Han kallar Skutholm for ein ekte «stayer», og syns det er heilt utruleg at han held fram med sitt livsprosjekt, som er arbeidet på Skutholmen, med slik enorm viljestyrke.

Heggdalsvik fortel at han fekk kjempeflotte tilbakemeldingar etter at dokumentaren vart sendt i starten av 2014.

– Han rørte noko ved folk, seier han, og legg til at han ikkje har møtt nokon andre som er seg sjølv fullt ut framfor kamera slik som Asbjørn er.