Asbjørn (71) er den siste fiskarbonden i Noreg

Asbjørn Skutholm (71) er Noregs siste fiskarbonde som lever på gjennomført gammalt vis. Sjå dokumentaren i «Ut i naturen» her.

Asbjørn på Skutholmen

Sommarnatt på Skutholmen.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK
Asbjørn på Skutholmen

Tørt høy er tung bør.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK
Per Jarle Heggdalsvik

Fotograf og programskapar, Per Jarle Heggdalsvik.

Foto: NRK
Asbjørn på Skutholmen

Asbjørn slår, sjølv om sørvesten herjar.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK
Asbjørn på Skutholmen

Asbjørn er ein lidenskapeleg hummarfiskar.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Han bur i det mest intakte fiskarbonde-landskapet vi har att i Norge. Han gjer alt på gamlemåten, slik det har vore vanleg langs heile kysten. Det er utfordrande å halde alt i gang utan å bruke tekniske hjelpemiddel. Han slår graset med ljå og ror færingen på fiske ut på den berykta Hustadvika. Vêret bestemmer når han kan få gjort arbeidet sitt.

Han gjer alt for hand og har den mest eksklusive slåttemarka langs kysten. I tillegg har han spesiell omsorg for fuglane som hekkar på holmen. Hustadvika i kuling og stille er ei kontrastfylt ramme til Skutholmen.

NRK-fotograf Per Jarle Heggdalsvik har laga ein imponerande naturdokumentar om korleis Asbjørn Skutholm lever ute på Skutholmen. Sjå filmen på NRK TV.

Dette er ein saktegåande film som viser kva som skal til for å halde livet i gang slik det har vore gjort langs kysten i fleire hundre år.

Sjangeren kan likne på «Søsken til evig tid», men livet på Skutholmen blir levd på endå enklare vis.

Sjeldan slåttemark

Slåttemarka på Skutholmen blir kalla eit stjerneområde i norsk natur. Eit mylder av artar har vakse fram etter hundrevis av år med naturgjødsling og ljåslått. For mange år sidan fann Asbjørn ein svært sjeldan art som ingen hadde sett før her til lands.

Tek vare på naturen

Før var det mykje hekkande fugl på holmen, men no er det få att. For her lever både mink, rev og rovfuglar som kan røve reir. Asbjørn har omsorg for livet rundt seg, spesielt ærfuglen som er i fare for å forsvinne frå holmen.

Lidenskapeleg hummarfiskar

Hummaren gav fiskarbonden ei ekstrainntekt før då det var lov å fiske om sommaren. No er det meir ein risikosport. Asbjørn ror ut med tunge treteiner frå oktober til jul i den tida då vinden går langs Hustadvika.

Under kan du sjå traileren til dokumentaren om Asbjørn.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.