Hopp til innhold

Her er Aalesunds nye assistenttrenar

Nederlandske Anton Joore blir Trond Fredriksens assistenttrenar i Aalesund. – Han er ikkje nokon redningsmann, seier Fredriksen.

Anton Joore

Anton Joore frå Nederland har teikna kontrakt med klubben ut 2016-sesongen.

Foto: Aalesunds FK

AaFK slit tungt i eliteserien og i sommar vart assistenttrenar Karl Oskar Fjørtoft fjerna frå stillinga, utan at klubben hadde funne ein erstattar. AaFK har leita etter ein meir rutinert trenar som skal samarbeide med Trond Fredriksen.

I dag vart det kjent at 61 år gamle Anton Joore frå Nederland har teikna kontrakt med klubben ut 2016-sesongen.

AaFK skriv på sine heimesider at Joore er ein svært rutinert trenar. Han har vore trenar for lag i Nederland, Latvia, Estland og Litauen, og har hatt trenaransvar for aldersbestemte landslag i Qatar, Kazakstan og Latvia.

Kjenner ikkje til tippeligaen

Trond Fredriksen fortsetter som AaFK-trener

Trenar Trond Fredriksen trur det blir bra å få inn to nye auge i trenarteamet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Trenar Trond Fredriksen seier at namnet til Joore kom opp for eitt år sidan, men at det då ikkje var ledige roller i klubben. No når stillinga som assistenttrenar stod tom, var Joore ein av dei Aalesund tok kontakt med.

– Han er ein erfaren trenar som har opplevd mykje og hatt ulike roller i fotballen. Minuset er at han ikkje har kjennskap til Tippeligaen, anna enn at han har sett ein del kampar på video no, seier Fredriksen.

Trenaren trur det er å bra å kunne få inn to nye auge, som kan sjå ting annleis.

Kvar kamp er cupfinale

For å unngå nedrykk må Aalesund vinne kampar. Søndag er det ein svært viktig kamp mot Stabæk borte. Oppskrifta dei har brukt etter det knusande 6–0 tapet mot Brann er at kvar kamp skal spelast som om det var cupfinale. Det mottoet gjeld søndag også.

– Det handlar enkelt og greitt om å vinne kampar, seier Fredriksen.

Joore var til stades under kampen mot Molde søndag. Torsdag er han tilbake i Ålesund og saman har dei lagt ein kampplan for å slå Stabæk. Fredriksen understrekar at Joore ikkje er nokon redningsmann.

– Det er det nye fellesskapet med spelarane som skal sørge for resultatet. Vi skal bli betre på det vi er gode på, seier Fredriksen.