Hopp til innhold

Brann knuste Aalesund 6–0

Brann spelte ball i hatt med eit likbleikt Aalesund fredag kveld. 6–0 viste til slutt måltavla på Stadion.

Brann Azar Karadas feirer

UTKLASSING: Brann gav seg ikkje før det sto 6–0 på måltavla på Brann Stadion. Azar Karadas skåra to og tok dermed over toppskårartittelen med fem skåringar denne sesongen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Brann var overlegne i eliteserieoppgjeret mot Aalesund fredag kveld. 17 målsjansar og seks ballar i nota var fasiteten då dommar Svein Erik Edvartsen bles av kampen.

– Klasseskilnad. Det er lenge sidan eg har sett eit Brann-lag rundspela ein motstandar som dette, konstaterte NRK-reporter Oddgeir Øystese, som fulgte kampen direkte.

Karadas tok over toppskårartittel

Bismar Acosta starta målshowet etter halvspela 1. omgang. Eit sjølvmål av Aalesunds Edvard Skagestad sytte for at det sto 2–0 til pause.

Ti minutt ut i andre omgang sette Sivert Heltne Nilsen ballen i målet bak AaFK-målvakt Lars Cramer. Sju minutt seinare vart Jakob Orlov takla på veg gjennom. Raudt kort til Daniel Gretarsson og 4–0 ved Erik Huseklepp.

Innbyttar Azar Karadas fastsette sluttresultatet til 6–0 med to skåringar i det 78. og 85. minutt.

Brann Aalesund

UTKLASSING: Brann valsar over Aalesund FK på Brann Stadion. Sivert Heltne Nilsen sende Brann opp i leiinga 3–0 like etter pause.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Sju strake på Stadion

Brann sto med seks strake heimesigrar før kveldens oppgjer mot Aalesund. Det steig til sju, og laget ligg no på 4. plass i eliteserien, to poeng bak Strømsgodset på bronseplass.

Brann har framleis til gode å tapa på heimebane i årets sesong.

NRK fulgte kampen direkte:

Laster innhold, vennligst vent..

Nedtrykkstruga sunnmøringar

Den dystre bortebanerekkja til Aalesund held fram. Etter nedsablinga i Bergen fredag kveld har laget tapa seks av dei sju siste kampane på bortebane. Sist Ålesund tok tre poeng på bortebane var mot Bodø/Glimt på Aspmyra 22. mai.

Laget står no med ni poeng på dei siste 11 kampane og ligg på kvalifiseringsplass på tabellen.

Brann vann oppgjeret mellom laga i vår med 2–1 på Color Line Stadion. Remi Johansen og Azar Karadas skåra måla for bergensarane.