Hopp til innhold

Ankar valdtektsdom på seks år

Lagmannsretten starta i dag ankebehandlinga etter at ein mann i fjor haust blei dømt til seks år i fengsel for valdtekt og mishandling av ektefellen sin.

Rettssal

Frostating lagmannsrett behandlar ankesaka etter tingrettsdomen frå i fjor haust.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Dom i Sunnmøre tingrett fall i oktober i fjor, og då blei mannen altså dømt til seks år i fengsel og til å betale den fornærma kvinna 200 000 kroner.

Tingretten meiner det er bevist at mannen kom inn på soverommet til ektefellen, og med kniv trua til seg samleie. Viss han ikkje fekk viljen sin trua han med å mishandle henne med kniv i underlivet.

Kvinna gjorde motstand på fleire måtar, men ifølge domen skal han etter kvart ha halde ei hand over munnen hennar slik at ho miste medvitet.

Ut på natta forlet mannen bustaden, og sjølv om han meinte ho let som ho var besvimt blei AMK varsla.

Arrangert ekteskap

Til grunn for domen legg fleirtalet den første forklaringa mannen ga etter pågripinga. Også skadane på kvinna stemmer med det ho har forklart, meinte fleirtalet i tingretten. Også det han hadde forklart til ein ven, og at han hadde tatt med seg kvinna sin mobiltelefon støttar opp om hennar forklaring, meinte retten.

Begge vedgjekk at ekteskapet var arrangert av familien. Dette bar ekteskapet preg av, og sjølv etter at kvinna også kom til sunnmørskommunen hadde dei kvar sine soverom. Dei budde saman ei kort periode i heimlandet, før han kom til Noreg som politisk flyktning i 2013. Ho kom til landet i fjor, og ga etter kort tid beskjed om at ho ønskte å avslutte ekteskapet.

Ankesak i lagmannsretten

Den tiltalte meiner at dette ligg til grunn for valdtektsanklagane. Han meiner han blei lurt i ei felle, og at ei valdtekt ville føre til at kvinna fekk vere i Noreg. Ifølge mannen var det kvinna som angreip med ein kjøkkenkniv, som han klarte å ta frå henne.

Den forklaringa festa altså ikkje fleirtalet i tingretten lit til, medan eit mindretal opna for at delar av forklaringa til mannen kan vere rett. No skal ein høgare rettsinstans vurdere saka på nytt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL