Hopp til innhold

Kona hevdar mannen selde huset utan at ho visste - har tapt tre gongar i retten

Ektemannen skal ha forfalska underskrifta til kona og godkjent at huset blei selt på tvangsauksjon. No har ho tapt tre rettssaker i forsøket på å få tilbake heimen.

Høgsterett avviste saka til kvinne i Møre og Romsdal

Kvinna hevdar ho ikkje visste at huset låg ute for sal. Først då dei nye eigarane dukka opp, skal mannen ha lagt korta på bordet.

Foto: Øyvind Sandnes/montasje / NRK

Trebarnsmora seier ho ikkje skjønte noko då det ringde på ytterdøra ein måndagsmorgon tidlegare i år. Det unge paret som sto på trappa presenterte seg som dei nye eigarane av huset og var klare til å overta same dag.

– Eg braut saman og fekk sjokk, seier ho.

Kvinna eigde huset saman med mannen sin, og hevdar at hussalet var ei stor overrasking for henne.

Ho seier det var mogleg fordi ektemannen gøymde alle breva frå retten, banken og eigedomsmeklaren. Det skal ha vore visningar når ho var på arbeid, og til slutt forfalska mannen underskrifta hennar for å få huset selt bak ryggen hennar.

Etter å ha budd i huset i over 20 år, måtte ho pakke saman alle eigedelane til familien og flytte ut.

NRK kjenner identiteten til kvinna, men har valt å anonymisere henne av omsyn til familien.

Flyttelass

Flyttelasset står framleis urørt i det nye huset der trebarnsmora har flytta inn. Kvinna har ikkje gitt opp håpet om at ho får tilbake huset der familien budde før.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ingen medhald i retten

Men det har vist seg svært vanskeleg for kvinna å få medhald.

Då kvinna ringde tingretten skal ho ha fått beskjed om at klagefristen var ute, og at huset var lovleg selt til nye eigarar. Det same konkluderte lagmannsretten og høgsterett med.

Kvinna meiner det er djupt urimeleg.

– Eg føler meg veldig urettferdig behandla, makteslaus og hjelpelaus mot overmakta, rett og slett, seier ho.

– Men burde ikkje du skjønt kva som gjekk føre seg?

– Eg veit ikkje, du går ikkje og etterforskar dei du lever saman med og stolar på. Dersom eg ikkje hadde stolt på han, så hadde eg jo ikkje levd i lag med han, seier ho.

Paret hadde hatt økonomiske vanskar i periodar, og kvinna seier ho visste at huset skulle tvangsseljast halvanna år før. Men då mannen klarte å skaffe eit privat lån, trudde ho han på at katastrofen var avverja.

Den same dagen som dei nye eigarane skulle overta huset, skal mannen ha lagt alle kort på bordet, og levert ei skriftleg tilståing for dokumentfalsk og brev-tjuveri. Her går det fram at «dette var gjort i eit tåpeleg og uforståeleg forsøk på å skåne familien min, og for å vinne tid til å løyse dette sjølv».

Vil ha digital varsling

Distriktsleiar Are Opdahl i Huseiernes Landsforbund seier det som kvinna fortel, er svært uvanleg, men at det er fullt mogleg å føre ektefellen sin bak lyset. Han etterlyser automatiske, digitale varslingar, elektronisk identifisering og signering. Dette ville gjort det umogleg å fjerne brev eller forfalske underskrifter.

– Dette er ei personleg tragedie som enkelt kunne vore unngått med enkle middel som allereie finst, seier han.

Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset i Møre og Romsdal seier på generelt grunnlag at også domstolane har ønskje om at saksbehandlinga for tvangssal blir digitalisert.

Ho seier vidare at kvinna var varsla om tvangssalet etter gjeldande reglar, og tok kontakt først då salet var gjennomført. Då kunne ikkje domstolen gjere noko med det, slik Høgsterett også har stadfesta.

Are Opdahl representerer Huseierforeningen

Distriktsleiar Are Opdahl i Huseiernes Landsforbund meiner at også rettsvesenet burde ta i bruk digitale system som ville gjort det uråd å til dømes forfalske ei underskrift.

Førebur klage til Menneskerettsdomstolen

Trebarnsmora blei kasta ut av huset etter tre månader, og har no flytta inn i huset til ein slektning, i lag med det yngste barnet. Dei eldste har flytta ut.

No førebur ho ei klage til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Der håper ho å få medhald i at ho og borna har vore utsett for brot på menneskerettane då huset blei selt.

Ho er fullstendig klar over at nye eigarar no har tatt over, men kjenner seg framleis sterkt bunden til huset.

– Det beste som kan skje er at eg får kjøpe tilbake huset mitt. Huset vil alltid vere mitt i hjartet mitt, det er alltid mitt hus, seier ho.

Under politietterforsking

Ekteparet bur ikkje lenger saman. Mannen stadfestar framstillinga, og er no under politietterforsking for dokumentfalsk. Han er sterkt kritisk til framgangsmåten til advokaten som på vegner av retten gjennomførte tvangssalet. Mannen hevdar advokaten ikkje tok kontakt med kona undervegs i prosessen. På den måten blei det mogleg å gjennomføre tvangssalet, utan at ho visste.

Advokaten seier til NRK at han ikkje huskar tvangssalet og ikkje kven han heldt dialogen med.

Dei nye eigarane av huset ønskjer ikkje å kommentere saka.

NRK presiserer tvangssal er ein offentleg prosess, og retten har slått fast at dei nye eigarane har kjøpt huset i tråd med reglane for tvangssal.

ff

I over 20 år budde familien i huset i Møre og Romsdal, og her vaks tre barn opp. Så blei huset selt på tvangssal.